Sport | 27. jan. 2020

Skåra to mål på Åsane

... men Os fekk tøff motstand i vinterens første treningskamp.

Skåra to mål på Åsane
Roger Ekeland, her i serien i haust, skåra to mål på Åsane i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. jan. 2020 12:46

I kveld skulle Os spelt vinterens første treningskamp, men møtet med OBOS-laget Åsane blei framskynda til søndag.

Kampen gjekk i Vestlandshallen, og Os-trenar Endre Brenne fekk motstanden han hadde bestilt.

– Vi ville øva på å ligga kompakt i forsvar, og på å variera kor vi sette presset, seier Brenne.

– Åsane dominerer heile kampen, men eg synest vi gjer det bra i periodar, spesielt i første omgang.

Åsane - Os 6-2 (3-1)

Mål
1-0: Henrik Udahl (15.)
2-0: Håkon Lorentzen (20.)
2-1: Roger Ekeland (24.)
3-1: Senai Hagos (41.)
4-1: Roger Ekeland (48.)
5-1: Henrik Udahl fra 54.)
6-1: Ole Kallevåg (70.)
6-2: Henrik Udahl (82.)

Fjorårets toppskårar ser ut til å vera i god vinterform.

– Roger har vore skadefri og lett på foten på trening dei siste vekene, og det var kjekt å sjå han sjølvsikker og treffsikker då han fekk sjansen.

Begge måla kom på kontring, 6-2-skåringa var ein fin chip over keeper.

– Vi hadde òg Sander Kvittingen åleine med keeper på stillinga 2-1.

Men samla sett er ikkje Brenne heilt nøgd.

– Åsane skal jo vera betre enn oss, men eg skulle ønskt at vi klarte å stå betre imot litt lengre. Vi blei slitne utover i andre omgang, og då mista vi òg ein del av strukturen.

– Men det var ei god gjennomkøyring mot noko vi visste ville bli tøff motstand.

Fleire nye fekk prøvd seg

Åsane mangla blant andre Eirik Østgård, Eirik Wollen Steen, Simen Lassen og Joakim Hammersland, ifølgje asanefotball.no.

Os mangla blant andre Rafael Villén, Stian Dyngeland, Øystein Takle Eide, Thomas Spilde og Kristoffer Røttingen.

Samtidig fekk Andreas Kytiri, Lars Hadler-Olsen og Thomas Felix Færøvik prøvd seg for Os i nye bortedrakter.

Os starta med: Chris Midtun - Anders Havsgård, Torgeir Lunde, Vegard Strønen Skeie, Harry James Moore - Rune Mo, Steffen Kvamsdal, Marius Mikkelsen, Andreas Kytiri - Roger Ekeland og Sander Kvittingen.

I pausen kom Espen Haraldseid inn for Havsgård, Kasper Færøvik for Midtun og Fabian Bødtker for Kvittingen.

Andre innbytarar med speletid:
Lars Hadler-Olsen for Moore (60.)
Tobias B. Nøss og Elias Myrlid for Kytiri og Mikkelsen (75.)
Thomas Færøvik for Skeie (80.)

Os speler neste treningskamp laurdag. Den går mot Fana, truleg på bortebane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.