Sport | 07. apr. 2019

Skåra sitt første i Eliteserien - avslutta kampen som keeper (!)

Vegard Leikvoll Moberg sentral i «sesongens sjukaste kamp».

Skåra sitt første i Eliteserien - avslutta kampen som keeper (!)
Vegard Leikvoll Moberg fekk både si første nettkjenning og ein keeperdebut i Eliteserien i går. (Arkivbilde, foto: Trond Gausemel)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. apr. 2019 07:19

Etter null skåringar på sine første 24 kampar i Eliteserien i fjor, har Vegard i vinter funne skåringsformen, med 8 mål på 9 treningskampar, 3 av dei i generalprøven mot Tromsø.

I serieopninga spelte han heile kampen då Bodø/Glimt slo Rosenborg 2-0 på heimebane, i går blei han sentral i 9-målskamp borte mot Mjøndalen.

Vegard sette inn 2-0 på straffe i 36. minutt i det som utvikla seg til ein svært innhaldsrik kamp.

Mjøndalen snudde kampen til 3-2, men to mål av Geir André Herrem gav Bodø/Glimt leiinga igjen.

Leik debuterte som Eliteserie-keeper

På stillinga 3-4 blei Bodø-keeper Ricardo Friedrich skadd. Bodø/Glimt hadde ikkje fleire byte igjen, og osingen Leikvoll Moberg måtte ta på seg keeperhanskane.

Vegard har ikkje stått i mål sidan ein kretskamp i ungdomen. Trenar Kjetil Knudsen seier han ville ha ein stor spelar i mål.

– Ricardo sa «vinn kampen for meg», fortel Vegard til VG etter kamp.

Vegard slapp inn eitt mål, eit skot få keeperar ville redda, men ein draumetreff av Håkon Evjen på overtod sikra 4-5-siger til Bodø/Glimt.

«Sesongens mest elleville kamp ser ut til å ha kome allereie i andre serierunde» sa TV2-kommentatorane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.