Skattelotteriet: Er du blant dei som står i kø?
I dag blir det sendt ut melding til 4,4 millionar personar om at skattekortet for inntektsåret 2026 er klart på skatteetaten.no.


Stadig fleire opnar skattekortet og kontrollerer at opplysningane er riktige.
Sidan skattekortet for 2025 blei sendt ut, har meir enn tre millionar vore inne på skattekortet på skatteetaten.no. Skattekortet er avgjerande for kor mykje skatt som blir trekt frå inntekta di før ho blir utbetalt.
– I skattekortet har Skatteetaten laga eit overslag over inntekt, formue og andre tal som kan påverke kor mykje skatt du skal betale i 2026. Men det er viktig at kvar enkelt sjekkar skattekortet sitt og at opplysningane stemmer. På den måten kan du sørgje for at du betaler rett skatt gjennom året, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
Viktig å betale rett skatt
Skattedirektøren peikar også på at stadig fleire sjekkar skattekortet sitt, og ikkje minst gjer nødvendige endringar:
– I fjor sjekka tre av fire skattekortet sitt. Over halvparten av dei som sjekka, gjorde endringar i skattekortet, seier Nina Schanke Funnemark.
Dersom opplysningane i skattekortet ikkje er riktige, kan skattetrekket bli høgare enn nødvendig. Det betyr at du får mindre å rutte med kvar månad enn du treng. Eller motsett: Dersom skattetrekket er for lågt, risikerer du å få restskatt.
Skattedirektøren oppmodar også alle til å følgje med gjennom året.
– Mitt råd er at du bør ha eit medvite forhold til skattekortet. Det har stor betydning for økonomien din, men det blir ikkje oppdatert automatisk, til dømes dersom du får meir lån. Det er du sjølv som må sørgje for at dei rette opplysningane står i skattekortet, slik at skatten blir rett.
Du kan sjølv endre skattekortet ved å logge inn på skatteetaten.no. Etter at du har gjort nødvendige endringar, lagar Skatteetaten eit nytt skattekort til deg.
Arbeidsgivar, Nav eller andre hentar dette direkte frå Skatteetaten.
Arbeidsfrådrag blir synleg
Regjeringa har innført ei forsøksordning med arbeidsfrådrag for unge.
Rundt 100 000 unge mellom 20 og 35 år er tilfeldig trekte ut til å kunne få eit frådrag i arbeidsinntekt over ein periode på fem år.
Målet med forsøket er å skaffe kunnskap om korleis eit arbeidsfrådrag påverkar yrkesdeltaking og arbeidsinnsats i denne gruppa.
Frådraget blir berre gitt på inntekt frå arbeid, ikkje på trygd.
Alle mellom 20 og 35 år får informasjon om arbeidsfrådrag samstundes som meldinga om at skattekortet er klart blir sendt ut. Dei må deretter logge inn på Skatteetaten sine nettsider for å sjå om dei er trekte ut, og for å sjekke skattekortet.

– Dersom du er blant dei som er trekte ut, kan du sjå korleis dette påverkar skatten din på Skatteetaten sine nettsider. Men sjølv om du blir trekt ut, er det ikkje sikkert at du får lågare skatt. Frådraget heng mellom anna saman med kor mykje du tener, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
Arbeidsfrådraget gjeld for alminneleg inntekt mellom 210 000 kroner og 657 500 kroner, og du kan maksimalt få 27 500 kroner mindre i skatt. Dette skjer ved ei arbeidsinntekt på rundt 335 000 kroner.
Les meir om arbeidsfrådraget på skatteetaten.no/arbeidsfradrag.
Viktig å hugse for ungdom med frikort
Dei som tener mindre enn 100 000 kroner i 2026, skal ha frikort. Då blir det ikkje trekt skatt av inntekta. Dei som hadde frikort i 2025, får automatisk frikort for 2026.
Dersom du allereie no veit at du kjem til å tene meir enn 100 000 kroner i 2026, bør du endre til vanleg skattekort. Tener du meir enn 100 000 kroner utan å ha skattekort, må arbeidsgivar trekkje 50 prosent skatt av inntekta du får over 100 000 kroner.
Skattekortet fornya for alle
I løpet av 2025 har Skatteetaten endra måten skattekortet blir presentert på. I skattekortet for 2026 er dette første gong alle får sjå den nye løysinga.
– Alle som no loggar inn, vil sjå at skattekortet liknar meir på oppsettet i skattemeldinga. Opplysningane i skattekortet er dei same som før, og skatten blir rekna ut på same måte, men det ser litt annleis ut. Målet er at det skal bli enklare å få oversikt over økonomien din og gjere endringar i skattekortet, fortel Schanke Funnemark.
Desse opplysningane i skattekortet blir oftast endra
- Gjeldsrenter
- Renter på innskot
- Lønnsinntekt
- Bankinnskot
- Gjeld, innanlands
- Formuesverdi, motorvogn
- Formuesverdi, primærbustad