Politi | 16. jan. 2022

Skaut mot folk med fyrverkeri

Politiet jakta elsykkel-tjuv og rykte ut på fleire meldingar om bruk av fyrverkeri.

Skaut mot folk med fyrverkeri
Politiet fekk ein del å henga fingrane i natt til søndag. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. jan. 2022 10:21

Politiet i Os har hatt ein travel laurdagskveld og natt til søndag.

Dei har både fått melding om pågåande tjuveri av ein elsykkel og tre tilfelle av feststøy. To av dei inkluderte ulovleg bruk av fyrverkeri.

– Tjuveriet av elsykkel skjedde i Os sentrum i 23-tida.

– Vi rykte ut og såg etter gjerningsperson og sykkel, men fann dessverre ingen av dei, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Eigar vil melda forholdet.

– Skaut fyrverkeri mot hus og folk

I 21-tida laurdag kveld kom det melding om oppskyting av fyrverkeri i samband med ein fest på Halhjem.

– Det viste seg at det kunne vera ungdomar utan tilknyting til festen som kunne ha stått for oppskytinga. Deter ikkje oppretta sak, men dei fekk pålegg om å forlata staden.

I 23-tida kom det melding om støy frå fest og oppskyting av fyrverkeri i retning hus og folk.

– Ingen personar blei skadde. Då patruljen kom til staden var det stille og roleg, festen såg ut til å vera avslutta.

Også i 03-tida kom det melding om støy frå fest. Denne gong frå Søfteland, og utan fyrverkeri. Også her var det stille på staden då patruljen kom fram.

Låg promille og mørk vandring

I 19-tida i går fekk Midtsiden tips om ein bil som såg ut til å vera havarert på E39 Halhjemsvegen, mellom Lunde og Haugland. Ein bil blei henta frå området av bergingsbil ikkje så lenge etter.

I 20-tida fekk politiet melding om ein bil med nødblink som sto i Lyseklostervegen. Eigar blei kontakta, han fekk beskjed om å flytta bilen.

Natt til søndag, i 02-tida, møtte patruljen ein mørkkledd mann i 30-åra som vandra langs ein veg på Lepsøy.

– Det var såpass trafikkfarleg at vi køyrde han heim. Bruk refleks, folkens! Vi har ingen å mista!

I 04-tida blei ein bil stoppa på Lyseklostervegen.

– Bilførar, ein mann i 30-åra, hadde lågpromille. Test nummer to viste at promillen var på veg ned. Han fekk køyra vidare, men med ei kraftig åtvaring mot å køyra etter inntak av alkohol.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.