Maren Evensen klinka til med 350 poeng på baneskytinga og blei Vestlandsmester (foto: Andris Hamre)

Skaut seg inn i 350-klubben

Fem nye vestlandsmeistrar frå Os skyttarlag. Maren Evensen skaut fullt hus på baneskytinga.

Av: Andris Hamre

Denne helga har skyttarar frå Os skyttarlag vore på Vestlandsmeisterskapet og henta med seg heim fleire titlar.

Maren Evensen og Daniel Myklebust Fjellstad leia begge sine klassar etter den innleiande skytinga laurdag og klinka til i finalen.https://www.midtsiden.no/sterk-skyting-i-vestlandsstemnet

Myklebust Fjellstad leia med 30/12 etter den innleiande skytinga og skaut 6/4 og 6/4 i finalen og enda på 42/8, eit resultat som held til å bli vestlandsmeister i feltskyting i klassa rekrutt.

Dobbeltsiger til Maren

Maren Evensen låg på skive 1 på 100 meter bane i klassa eldre rekrutt etter å ha skutt 250 poeng (kun blinkar, journ.mrk) på den innleiande skytinga. I finalen viste ungjenta at ho hadde nervane under kontroll og dunka inn ti nye blinkar og tilsaman 350 poeng! Med det blei ho både vestlandsmeister og medlem i 350-klubben.

Men unge Evensen gav seg ikkje med det. På den innleiande feltskytinga hadde ho skutt 30 treff, 27 av dei sentrumsblinkar. I finalen følgde ho opp og skaut 6/5 og 6/6 og tok med det sitt andre vestlandsmeisterskap for dagen.

Storesøster Sofie Evensen var ikkje mykje dårlegare i klasse junior, kor ho skaut seg inn til 2. plass i feltskytinga.

Også veteranane gjorde det bra. Reidar Dahle skaut 100 poeng, endte på 349 poeng og blei vestlandsmeister i klassa V75. Oddvar Drange fekk ein 2. plass på 100 meter bane i klassa V65.

Fleire saker