Skeie-brørne «flaggar» heim – blir første leigetakar i gigantlageret

Sport Outlet, MX Sport Bergen Holding og Elements Production flyttar administrasjon og lager til «Lidlbygget».

Jan Frode og Tor-André Skeie, her under 20-årsfest i 2012, innfelt. I mai flyttar dei verksemdene heim til Os - i gigantlageret i Ådnadalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. jan. 2016 12:19

Bildeserie:

Midtsiden har tidlegare vore på omvising i gigantlageret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
NHP-lageret er på 36.000 + 1000 kvm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sportselskapa skal leiga denne delen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Innan mai skal huseigar gjera lokalet klart for kontor og lager. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jan Frode, Tor-André og Odd Arne Larsen, her under MX-jubileet i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
90 prosent av lageret er ledig, men NHP har fleire store interessentar. (Arkivfoto: KVB)
Midtsiden har tidlegare vore på omvising i gigantlageret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
NHP-lageret er på 36.000 + 1000 kvm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6
NHP-lageret er på 36.000 + 1000 kvm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sportselskapa skal leiga denne delen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Innan mai skal huseigar gjera lokalet klart for kontor og lager. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jan Frode, Tor-André og Odd Arne Larsen, her under MX-jubileet i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
90 prosent av lageret er ledig, men NHP har fleire store interessentar. (Arkivfoto: KVB)
Midtsiden har tidlegare vore på omvising i gigantlageret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gigantlageret som tyske Lidl bygde i Ådnadalen, også omtalt som Noregs største ubrukte bygg, har fått sin første leigetakar.

– Første leigetakar er for så vidt allereie på plass med Veidekke sin brakkerigg utandørs, seier Rolf Mo frå NHP Eiendom AS.

Les òg: Her løftar dei «Ådnadalen Hotell» på plass

– Men vi gler oss veldig over at vi no får første leigetakar i bygget. Interessa har vore stor den siste tida, og vi er i dialog med fleire solide aktørar på resten av bygget, men det er noko ekstra med det å få ei innflytting.

I førre veke signerte brørne Tor-André og Jan Frode Skeie, saman med partnar Odd Arne Larsen, leigekontrakt med Reli Os AS, eit heileigd dotterselskap av NHP Eiendom AS.

Kontrakten er på 10 år og sport-selskapa til Skeie og Larsen skal leiga 3.600 kvadratmeter nærmast Vaksinen og Ulven.

Flyttar heim frå Blomsterdalen og Kristiansand

Sport Outlet AS og importselskapet Elements Production AS har frå før administrasjon i Os, men flyttar no lageret heim frå Kristiansand.

– Vi har 19 Sport Outlet til no og opnar 4 nye før sommaren. Omfanget byrjar å bli stort, og då kom både behov for meir plass og meir nærleik til lageret, seier Tor-Andre Skeie.

Elements Production AS importerer varer til både MX og Sport Outlet, eigne merker som LMNTS og Vikafjell, og varer dei har agentur på, som italienske sko og skibriller frå Austerrike.

Les òg: Skeie sitt nye sportseventyr

MX Sport Bergen Holding AS, som eig dei fem MX Sport-butikkane Os, Lagunen, Åsane, Sletten og Askøy, flyttar administrasjon og lager frå Espehaugen i Blomsterdalen, der dei i dag har rundt 1200 kvm, til same lokale i Os.

– Vi har mykje kryssande interesser, og kompetanse. Det blir godt å samla alt på éin plass, og ekstra kjekt å få det så nær heimen. Fleire av oss som jobbar i administrasjon og lager på Espehaugen kjem frå Os, og som Anne (kona) sa i førre veke, hadde vi allereie vore i hus så kunne vi gått på ski til jobb i dag, seier Jan Frode Skeie.

Skeie-familien har med seg Odd Arne Larsen frå Fana på eigarsida, både i MX Sport og Sport Outlet.

– No får det bli hans tur til å pendla. Han kan trøysta seg med at han køyrer mot rushet begge vegar, så eg trur det skal gå bra.

15-20 arbeidsplassar

Dei tre sportsselskapa flyttar eksisterande mannskap til nytt lokale i mai.

– Vi er rundt 15 i dag, men vil nok tilsetja nokre fleire, særleg i lagerfunksjon, når vi er i drift i Ådnadalen, seier Jan Frode Skeie.

Innflytting i mai

Den nysignerte leigeavtalen gjeld frå 1. mai. Det er huseigar som skal gjera lokalet klart.

– Vi har dialog med nokre lokale entreprenørar frå Os og bergensregionen. Det er førebels ikkje bestemt kven som får oppdraget, seier Rolf Mo.

– Vanlegvis tar vi totalentreprise på slike oppdrag, men denne gong ser det ut til å bli delt opp.

90 prosent ledig – enn så lenge

3.600 kvadratmeter som Sport Outlet og MX Sport skal inn i utgjer om lag 10 prosent av arealet.

Lageret er på heile 36.000 kvadratmeter og har i tillegg ein kontorfløy på 1000 kvm i to etasjar.

– Det er mykje ledig plass, men interessentane vi no er i dialog med er av eit sånt kaliber at bygget kan fyllast fort. No er det eit stykke frå dialog til kontrakt, men dei som lurer på å få areal hos oss skal kanskje ikkje sitja på gjerdet så lenge, seier Mo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.