Sport Outlet opna på Karl Johan torsdag. Stortinget til venstre, Slottet i bakgrunnen. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Skeie-brørne inntar Oslo med to flaggskip

Kraftig vekst: Torsdag opna Sport Outlet på Karl Johan, i november opnar Sport Norge i Storgata.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Brørne Tor-André og Jan Frode Skeie frå Os, som saman med Odd Arne Larsen er gründerar og hovudaksjonær i kjedene Sport Norge og Sport Outlet, held fram med å ekspandera.

I 2016 flytta dei hovudkontor og lager, som første leigetakar i Lidlbygget i Ådnadalen, frå Blomsterdalen i Bergen til Ulvenvegen i Os.

I 2017 kjøpte ut MX Sport-butikkane frå kjeda, og starta ny kjede, Sport Norge.

Parallelt med dette har Sport Outlet-kjeda vakse kraftig.

Mot 1,4 milliardar i omsetnad i år

– Vi auka frå 30 til rett over 40 butikkar i løpet av 2017. Innan utgangen av året i år har vi rundt 60 Sport Outlet-butikkar, seier Tor-André.

Kjeda vaks med 56 prosent frå 2016 til 2017, og nådde 540 millionar kroner. Veksta har halde fram med 54 prosent frå 2017 til 2018 (januar-august). Veksta skuldast ikkje berre utviding med fleire butikkar, samanliknbare butikkar har samla sett hatt ei auk på 10 prosent så langt i år.

– Sport Outlet åleine nærmar seg milliarden i år. Samla sett, med Sport Norge-butikkane og Elements Production (produksjon og import), vil vi landa på ein omsetnad på 1,4 milliardar kroner i år.

No opnar begge kjedane sine til no største butikkar.

2500 kvadratmeter - midt på Karl Johan

Torsdag opna Sport Outlet Karl Johan. Den 6 år unge, men raskt veksande kjeda, overtok lokalet motegiganten Zara hadde før flytting, vis a vis Stortinget, med utsikt mot Slottet.

– Vi har god relasjon til huseigar Olav Thon over tid, og leiger blant anna i fleire Amfisenter rundtom i Noreg, seier Skeie, på spørsmål om korleis dei fekk hand om eit lokale av dette kaliberet.

Butikken er på nesten 2500 kvadratmeter, og er deira største til no. Den nest største er på 2000 kvadratmeter og ligg i Trondheim.

Turistar og nye landsmenn

Frå start har de hatt lågprisprofil også på innreiing, inspirert av ein tidlegare motebutikk (LOL) i Os sentrum, med malte paller som bord og hyller. Korleis blir det å halda på lågprisprofilen når de no flyttar inn i det som truleg er blant dei dyraste lokala i Noreg?

– Vi held på den same profilen, og på dei same låge prisane på varene, og ser på plasseringa som så gunstig at vi trur vi kan tena pengar også her. Ved sidan av at butikken ligg midt i Oslo, er det ein av stadane i landet med flest passerande turistar.

– Undersøkingar viser at outlet er noko av det første turistane søkjer etter når dei skal på tur. I Oslo blir vi lette å finna.

Før opninga torsdag fekkkjeda sendt ut ei kundeavis på heile 72 sider. Så gjorde dei noko som truleg ingen andre sportkjedar, eller andre innan detaljhandel, har gjort før.

– Vi bestilte eit ekstra opplag av avisa med tekst omsett til arabisk og engelsk, og sendte denne ut i bydelar i Oslo der 50 prosent eller fleire er framandspråklege.

Auka tempo i Sport Norge-kjeda

Mens lågpriskjeda Sport Outlet veks med 15-20 butikkar i året, har fagsportkjeda Sport Noreg utvida meir varsamt. Det siste året har det blitt ny butikk i Knarvik, Stavanger og to i Bodø.

– Vi har jobba ein del med å overta eksisterande butikkar. Tanken er god, men prosessane tar for lang tid. No vil vi gjera det meir som med Sport Outlet, at vi opnar våre eigne butikkar, og så søkjer etter lokal medeigar og butikksjef.

Opplegget er likt, kjeda eig minst 50 prosent av butikken, kvar butikk har, i tillegg til vanlege kjedefordelar, ingen fordyrande mellomledd. Pengane skal tenast ute i butikken, med gode vilkår hos kvar enkelt, i eit system der det skal vera lett å driva lønsamt og lett å vera ein medeigar og butikksjef. 

– Med unntak av butikkar vi visste skulle vera midlertidige, at vi har brukt lokale der andre seinare skal inn, har vi ikkje kasta inn handkledet i éin Sport Outlet. Nokre få plassar har hatt ein litt tøff start, men i år seier prognosane at alle skal driva med overskot.

Dobbelt så stor som Laguneparken

Sport Norge er no i ferd med å bygga sin første butikk i Oslo, og den blir med god margin deira største butikk til no.

– Sport Norge Laguneparken er på 1500 kvadratmeter, Sport Norge Oslo blir 3000 kvadratmeter over to etasjar.

Kjeda overtar eit lokale over to etasjar der Sport1 tidlegare har halde til. Butikken ligg i Storgata 22, nær Oslo City og Oslo Spectrum, mellom XXL og G-Max.

– Vi er veldig nøgde med både lokalet og plasseringa. Det har vist seg tidlegare at det er gunstig for både oss og kundane med fleire store sportsbutikkar som ligg tett. Det blir eit godt område å handla sportsvarer i.

Butikken blir naturlegvis fullskala fagsport, med eigen verkstad for montering og service på sykkel og ski, men med satsing på dei same varegruppene som resten av kjeda.

– Dei første åra prøvde vi ut mange ulike kategoriar, men golfutstyr og dykkarutstyr kan folk kjøpa andre stadar. Vi vil heller ha tilsette med kunnskap om, og vareutval med god breidde, innan utvalte kategoriar; tekstil, sko, heimetrening, friluftsliv, sykkel og ski - saman med klubbtekstil til idrettar som fotball og handball, seier Tor-André Skeie.

Fleire saker