Skeptisk til nordsjøturnus
Helseministeren vitja Luranetunet laurdag: Kompetanse, nok plassar, nok hender og kvalitet sto på dagsorden.

Os Arbeiderparti inviterte til morgonmøte på Luranetunet laurdag. Til å innleiie hadde dei fått med seg helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen, kvart osing med røtter på Hjelle.
Omlag 40 sympatisørar og nysgjerrige tilhøyrarar hadde funne vegen til Lurane i duskregnet.
- Det er dei lokale politikerane i kommunestyret som må prioritere det om eldreomsorgen skal bli betre i Os. Verkemidla frå staten ligg der, meinte helseministeren på spørsmål om kvifor Os kommune har så dårleg eldreomsorg (om ein skal tru undersøkingar gjort av mellomanna Dagbladet).
Offentleg drift av kjerneverksemd
Helseministeren var, som ordførarkandidat Lars Atle Skorpen, oppteken av at kommunen skal drive kjernetenestane sjølv.
- Kjerneverksemden som skule og sjukeheim konkurranseutsett vi ikkje.
- Supplerande verksemd som til dømes rehabiliteringstenester kan driftast av til dømes ideelle stiftingar, berre dei oppfyller dei krav vi stiller til kvalitet, svaret Strøm-Erichsen på spørsmål frå dagleg leiar og Ap-medlem Ranveig Klingsheim ved Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter som opplever at mellomanna Høgre er meir aktivt på banen i høve til dei private rehabiliteringsinstitusjonane enn det Ap er.
12.000 nye plassar
Regjeringa har satt av to pottar til styrking av eldreomsorgen.
- Kommunane får 47 milliardar i frie midlar og 9 milliardar til byggjing av sykeheim/omsorgsbustadar.
- Vi har som mål at det skal etablerast 12.000 nye plassar i eldreomsorgen innan 2015, til det trengs det folk. Det må kommunane nytte dei frie midla til å oppfylle, fortalte helseministeren.
Fleire lærlingeplassar
Ho utfordra lokalpartiet i å selja inn omsorgsyrket til ungdom på ungdom og vidaregåande skule.
- Vi må gjera det attraktivt å arbeide i omsorgsyrka, derfor har eg utfordra Lars Atle (Skorpen, journ.mrk.) i høve til lærlingeplassar slik at dei som vel ei vidaregåande utdanning innan helse- og omsorg får den naudsyte opplæringa.
- Den utfordring har vi tatt. Om vi kjem til makta vil vi auke antall kommunale lærlingeplassar og der det er mogleg gjera innkjøp hos verksemder som har tariffavtalar med lærlingeplassar, svarte ordførarkandidaten.
Berre i deler av omsorga
I Os har dei lokale tillitsvalde opplevd motstand frå sentralt hald i høve til å inngå avtalar om sokalla nordsjøturnus der dei tilsette jobbar intens ei periode for så å ha fri ei lengre periode.
- Korleis stiller helseministeren og sentrale mynde seg i høve til den type ordningar?
- Eg meiner det beste for dei fleste er å ha vanleg turnus.
- Vi er redde for å presse nokon inn i ein turnus som ikkje passar dei. Det som er gunstig for nokre, treng ikkje vera gunstig for andre.
- Samstundes ser eg at i nokre delar av omsorgstenesta kan ei slik ordning være bra, til dømes i barnevernet kor dei trengande har behov for stabilitet rundt seg, svarte Strøm-Erichsen på spørsmålet frå midtsiden.no
- I Bergen har vi hatt ei forsøksordning med nordsjøturnus i bufellesskap.
- Det har fungert bra, men eg har ikkje opplevd etterspurnad om dette får andre type omsorgsinstitusjonar, supplerte fylkesordførarkandidat Ruth Grung.
- Samstundes ligg det moglegheitar til å vera fleksible innan dei turnusordningane som allereie finns. Berre sjå på Haukeland til dømes som har ei rekkje forskjellige turnusar ut frå behovet på dei ulike avdelingane, avslutta Grung.