Lokal | 05. sep. 2014

Skeptiske til Baronsgården-utviding

Baronsgården ønskjer å utvida mot Landboden og ikkje la den øvste etasjen vera trekt inn. Det var plan- og bygningsutvalet skeptiske til.

Skeptiske til Baronsgården-utviding
Os bygg og eiendom vil utvida Baronsgården mot Landboden (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 05. sep. 2014 08:38

Bildeserie:

Slik ser OSBEAS for seg fasadane på Baronsgården (ill: os kommune)
Slik ser OSBEAS for seg fasadane på Baronsgården (ill: os kommune)
Det blå feltet syner utvidinga på bakkeplan mot Landboden (ill: os kommune)
Det blå feltet syner utvidinga på bakkeplan mot Landboden (ill: os kommune)
Det grøne feltet synar balkongane som heng utover fortauet (ill: os kommune)
Det grøne feltet synar balkongane som heng utover fortauet (ill: os kommune)
1 av 3
Slik ser OSBEAS for seg fasadane på Baronsgården (ill: os kommune)
Det blå feltet syner utvidinga på bakkeplan mot Landboden (ill: os kommune)
Det grøne feltet synar balkongane som heng utover fortauet (ill: os kommune)

Os Bygg- og Eiendom har sidan dei kjøpte Baronsgården frå BERAS jobba med korleis det sentrale bygget på Osøyro skal bli sjåande ut. Torsdag handsama plan- og bygningsutvalet søknaden om å få gjera endringar frå dei tidlegare godkjente planane, mellomanna med å flytta fasaden ut mot Landboden slik at den kjem i flukt med naboeigedommen, laga balkonger i bustadetasjane og å ikkje trekke øvste etasjen tilbake, slik som det er krav om i den eksisterande sentrumsplanen.

– Her må vi gjera ein vri. Dette blir litt voldsomt i høve kva vi gjekk inn for sist gong.

– Det er utvida ganske mykje og ikkje trekt tilbake slik det burde vore. Eg vil gå imot denne utvidinga, vi må ta omsyn til naboane òg, kommenterte Harald Døsen (Ap).

Litt voldsomt

Han fekk støtte frå Terje Sperrevik (Tvs), som heller ikkje førre gong støtta dei foreslegne utvidingane.

– Eg kan heller strekka meg til å støtte dei førre planane.

– Det er klart at det må skje ei utviding i sentrum, men vi må ikkje gå utover grensene våre. Dette synes eg er ei utidig auke utover rammene.

– Det er heller ikkje heilt enkelt å forstå seg på skissene og karta. Kor er forskjellen, undra Sperrevik.

– Den største endringa er antal leilegheiter. Detaljane viser endringane i volumet. Det er ikkje ein ekstra etasje frå tidlegare, men den er ikkje trekt tilbake, forklarte Geir Heldal i administrasjonen.

Vil sjå korleis det blir

Plan- og bygningsutvalet var ikkje nøgd med dei illustrasjonene som låg i saka.

– Det de etterspør er ein montasje som visar korleis det blir sjåande ut oppover Landboden.

– Det at det står i sentrumsplanen at den øvste etasjen skal vera trekt tilbake er at den skal vera minst mogleg synleg frå fortauet på motsatt side. Dette var noko vi diskuterte mykje då vi handsama sentrumsplanen, kommenterte Gustav Bahus (Frp).

– Ja, vi vil sjå korleis det blir. Det er ikkje tvil om at det kjem til å ta lys frå naboane på motsatt side, svara Døsen.

– Vi må heller ikkje gløyma at vi óg er eit estetikk-utval. Då må vi få sjå kva dei har tenkt og korleis det blir sjåande ut, kommenterte Sperrevik.

Kva med parkering?

Eit siste poeng utvalet ikkje følte var godt nok utgreia var parkeringsplassar.

– Kva med desse med ei utviding. Det vil kreva frikjøp av fleire plassar. Kor skal dei finnast.

– Det nye parkeringshuset er ikkje på plass enno. I rekkefølgjebestemmelsane må vi seie at dei må vera der før dei kan flytta inn.

– Eg føler det er for mange uklare trådar og foreslår vi utsett saka for synfaring, sa Døsen.

Dette fekk Døsen støtte for og saka blei utsett for synfaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.