Politi | 15. sep. 2023

– Skiltet sto rett ut

Politiet hadde kontroll i Kolskogen igjen.

(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. sep. 2023 08:02

Torsdag morgon i 09-tida hadde politiet trafikkontroll i Kolskogen.

Dei har hatt nokre kontrollar i området etter klager på høg fart den siste tida, men i går var det ikkje fart å henga fingrane i.

– Ein motorsyklist som blei stoppa mangla DB-killer (støyreduksjon), i tillegg sto skiltet vassrett ut, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

MC-førar fekk køyreforbod og må visa utbetra sykkel før den kan køyrast igjen.

Fredag morgon i 07.50-tida hadde politiet promillekontroll på Halhjem ferjekai.

34 trafikantar blei kontrollerte utan at politiet fann noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.