Sport | 13. jan. 2014

Skimesse med besøksrekord

VIDEO: Solskin og skimesse førte søndag til rekord i Myrkdalen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. jan. 2014 21:26

– Myrkdalen har hatt ein fantastisk sesongstart og kan visa til 32 prosent omsetningsauke i Myrkdalen Fjellheiser AS frå rekordsesongen i fjor.

– Dette trass i at det har vore mykje ruskavêr etter sesongstart, sa Kaia Finne frå Myrkdalen i ei pressemelding før helga.

Så kom helga, med MX Sport si store skimesse, for 7. år på rad.

– Vi hadde nærmare 4.500 i anlegget i dag, det er ny rekord, sa John Ivar Norheim til TV2 søndag.

– Messa var veldig vellykka. Vi hadde mange fulle kurs, både i alpint, snowboard og telemark, og dei nyare punkta på programmet, skøyting, smørekurs og kurs i jibbing, slo også svært godt an, seier messearrangør Jan Frode Skeie frå MX Sport Bergen Holding AS.

Kunnskap i fokus

Butikksjef på MX Sport Os, Lars Petter Grønvigh, var hjelpeinstruktør på skøytekurset.

Hovudinstruktør var Espen Østbyen frå Madshus. Østbyen var tidlegare aktiv løpar og har gått fleire verdscuprenn.

– Dette med skøyting har blitt veldig populært. Her er det mange som har spørsmål om både utstyr og teknikk, og skøytekursa var dei første som blei fullbooka til messa.

– Vi jobbar systematisk for å løfta kunnskapsnivået, både i butikkene og hos kundane. Vi tar alle tilsette i butikkane i bergensområdet til fjells for å testa sesongens nye ski, og på messa kan kundane sjølv testa skia før dei eventuelt kjøper.

– Opplevinga blir betre når både utstyret passar og du får finpuss på teknikken, seier Lars Petter.

VIDEO: Sjå stemningsrapport på 2 minutt. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.