Kultur | 03. feb. 2012

Skjenkeløyve - nei takk!

Only in Os? Etter 10 år med løyve til å servera øl og vin har restauranten Capri "sagt opp" skjenkeløyvet sitt.

Skjenkeløyve - nei takk!
Mustafa Erpolat. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. feb. 2012 18:57

I fleire kommunar finnest det restaurantar som saknar løyve til å skjenka gjestane sine alkohol til maten.

I Frp/Høgre-styrte Os vil politikarane, i tråd med Os inspirerer-filosofien, "seia ja der det ikkje er god grunn til å seia nei", dermed har det blitt skjenking i kvar krok.

Men ikkje alle er interesserte i å selja øl og vin, viser det seg. I eit brev til Os kommune denne veka skriv Capri Restaurant Os AS:

"Capri restuarant selger ikke øl lenger, ønsker å si opp skjenkeløyve".

– Det er maten vi lever av

Dagleg leiar ved Capri Restaurant Os, Mustafa Erpolat, seier at restauranten har hatt skjenkeløyve sidan opninga for 10 år sidan, men at dei ikkje har hatt særleg glede av dette løyvet.

– Vi har selt lite øl og vin, alkoholhaldig drikke er ikkje ei viktig varegruppe for oss.

Vil unngå problem

– Sjølv om salet av øl og vin ikkje har vore viktig, er det ikkje greit å ha løyve om nokon ber om eit glas? Eller kostar det pengar å ha løyve?

– Det kostar oss berre 3500 kroner å ha løyve, i tillegg til at vi må ha litt varer på lager, men det er ikkje viktig.

– Årsaka til at vi rett og slett ikkje vil ha løyve er at delar av det salet vi har ikkje er ønska. Ved å ha skjenking så opnar det for at det kjem folk på dagtid, som kanskje ikkje har godt av alkohol, eller at fulle folk kjem innom.

– Det er ikkje ofte vi har problem, men det har hendt. Sidan desse varene ikkje er viktige for oss vil vi derfor slutta å selja alkohol. Vi har godt sal av pizza, kebab, pasta og ulike kjøttrettar, det er maten vi lever av, seier Mustafa Erpolat.

- Første gong

Hos kommunen fortel dei at oppseiinga blir "godkjent". At dette er ei sjeldan form for melding å få, legg dei ikkje skjul på.

- Det er nok første gong eg har vore med på at nokon seier frå seg eit skjenkeløyve, seier einingsleiar på bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune, Birgit Holsen.

Holsen har jobba i Os kommune i 25 år, dei siste 10 på avdelinga som tar seg av skjenkeløyve og -kontroll.

- No noterer vi oss at løyver er levert inn og følgjer seinare opp med inspeksjon, for å sjå til at ikkje restauranten gjer noko dei ikkje har løyve til.

Det vil i så fall vera ei ganske eineståande sak, vil vi tru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.