Lokal | 15. jan. 2012

Skjergardsidyll?

Det flyter med boss på strendene i Os, til og med ein heil båt (!) har folk gått ifrå. – Det er utruleg trist å sjå, skriv ein Midtsiden-lesar i epost til redaksjonen.

Skjergardsidyll?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. jan. 2012 09:47

I starten av november fekk vi tilsendt bilde av ei snekke med overbygg som nokon hadde "slengt" frå seg i Tellevika, vika mellom Kuvågen og Mobergsvikjo. Båten ligg der visst enno.

Dette var berre ein månad etter at ein båt av tilsvarande type låg og banka til kai, halvvegs nedsokken på Ferstadneset.

Les òg: Slo storalarm

Båten på Ferstadneset førte til utrykning av både brannvesen, ambulanse og politi. Brannvesenet, som har ansvar for å ta hand om forureining, sørgja for at båten blei tatt hand om.

Skuta som ligg i Tellevika har ikkje varabrannsjef Arne Monsen høyrt snakk om.

– Den kjenner eg ikkje til, men vi får sjekka den ut, seier Monsen til Midtsiden.

– Trist syn

Det er ifølgje ein Midtsiden-lesar mange tilfelle av forsøpling og miljøkriminalitet i fine naturområde i Os, ikkje minst i fjøresteinane.

– Vi går ofte tur med hunden vår langs sjøen. I Tellevika ligg både båten og mykje boss frå denne, det er eit utruleg trist syn!

– Eg plukker ofte opp knust glas og anna boss, men det er grenser for kor mykje skrot ein turgåar kan ta med seg. Folk, uansett alder, må byrja å ta ansvar og rydda etter seg, meiner ho.

Os er ikkje åleine

17. september var den store Strandryddedagen i Noreg. Rapporten frå denne blei publisert under konferansen om marin forsøpling i Oslo 10. januar.

"Norskekysten full av søppel" var overskrifta.

Marin forsøpling langs norskekysten er i hovudsak eit resultat av aktivitetar på norsk jord og i nære kystfarvatn. På Strandryddedagen blei det funne avfall som kan sporast tilbake til fleire kjelder, noko som avkreftar myten om at marint søppel er "herrelaust".

- Vi kan knytta avfallet til aktivitetar, seier kampanjeleiar i Hold Norge rent, Emily Robertson.

I Lofoten fann dei ei strand full av oppvaskmiddel-flasker. Det viste seg at lokale fiskarar hadde brukt oppvaskmiddel for å “vaska” vekk oljesøl, og la flaskene igjen.

Men mykje av bosset stammar frå alt anna enn yrkesrelatert aktivitet. Det er tydeleg at fleire brukar sjøen som dumpingplass for alt frå bildekk og møblar til kvitevarer og gamle leikar.

- Dette viser at haldningsskapande arbeid er nødvendig for å få folk merksame på temaet marin forsøpling. Strandryddedagen er eit godt eksempel på denne typen arbeid og Strandryddedagen 2011 viste at det allereie er stort engasjement i kommunar, organisasjonar, grupper og blant enkeltpersonar, seier Robertson.

Funn frå Strandryddedagen 2011

(landsbasis)

• Plastprodukter er eit hovudproblem. Det blei registrert 50.646 objekt, 29.540 av dei var av plast.

• Avfall frå fiskerinæringa omfattar garn, snøre, krokar, teiner, bøyer og flottørar.

• Mykje av avfallet er relatert til fritidsaktivitetar på strender og på sjøen, som eingongstallerkar, glas og flasker.

• Det ble funne store mengder farleg avfall, blant anna 42 oljefat og 576 olje-/bensinkanner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.