Lokal | 14. feb. 2017

Skjult naturperle fylt med plast og rotvelt

– Nordreneset på Lepsøy kunne vore som Ervikane, men først må det ryddast, seier hytteeigar Åse Nilssen.

Skjult naturperle fylt med plast og rotvelt
Fjørene på Nordreneset på Lepsøy er fylt med rekve, rotvelt og plast. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. feb. 2017 09:16

Bildeserie:

235 dekar av Lepsøy, Nordreneset ut til Ulvsund, er friluftsområde.
235 dekar av Lepsøy, Nordreneset ut til Ulvsund, er friluftsområde.
I nokre av fjørene har det samla seg mykje boss, som denne fryseboksen. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
I nokre av fjørene har det samla seg mykje boss, som denne fryseboksen. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
Plast er eit endå større problem. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
Plast er eit endå større problem. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
Om nokon vil rydda eller ha ved så ring oss, seier BOF. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
Om nokon vil rydda eller ha ved så ring oss, seier BOF. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
– Området er fantastisk for turfolk, om dei ville brukt det, seier Åse. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
– Området er fantastisk for turfolk, om dei ville brukt det, seier Åse. (Lesarbilde, foto: Åse Nilsson)
Også båtfolk og kunstnarar (skulpturen) set pris på området. (Lesarbilde, arkivfoto: Toril Marceliussen)
Også båtfolk og kunstnarar (skulpturen) set pris på området. (Lesarbilde, arkivfoto: Toril Marceliussen)
1 av 6

Plast i sjøen og skjergarden har vore i fokus i riksmedia den siste tida.

I gåsenebbkvalen som døydde på Sotra i januar blei det funne 30 plastposar (BT.no)

Veka etter var 6000 ungar samla til konferanse om plast i havet (NTBinfo).

– Eg håper det er dugnad på gang i Os òg. Her på Lepsøy er det i alle fall rikeleg å ta av, seier Åse Nilssen.

Ho og familien har hytte på Lepsøy med utsikt inn mot Askvik. I fjørene i området ligg det mykje boss og rotvelt.

– I tillegg til at det er gjengrodd her ute ligg det tett i tett med rotvelt og mykje boss i fjørene. Eg gjekk ein runde i helga og fann både fryseboksar og store mengder plast.

– Kan bli som Ervikane

Nordreneset er den delen av Lepsøy som ligg nærmast Strøno, mot Ulvsundet og Ullsundholmane. Heile neset, 235 mål, er friluftsområde.

«Her er gode tilhøve for friluftsliv: lang strandline, gode hamnetilhøve for småbåtar og fine badeviker med skjelsand» skriv BOF på sine heimesider.

– Om det hadde blitt rydda skikkeleg her så ville det vore endå finare både for båtfolk som vil ha ei lun hamn og for turgåarar og mosjonistar frå Øyane.

– Eg har inntrykk av at det er ein del som går til Lepsøyvatnet, ikkje minst når det er is på vatnet. Men marka og fjørene her ute på neset er fantastisk fine, vi hytteeigarar hadde berre blitt glade om det var meir liv her.

– Kanskje det òg er mosjonistar i Øyane som er leie av å jogga langs vegen, som kunne hatt stor glede og nytte av stiane her ute. Frå Mørkevågen går det berre ein halvtime å gå ut her til Nordreneset.

Bir og BOF vil hjelpa til

Bir fortel at dei, saman med BOF (Bergen og Omland Friluftsråd) og nokre andre renovasjonsselskap i 2016 fekk 1,2 millionar kroner frå Miljøverndepartementet til rydding i skjergarden.

– Saman med skuleklassar, flyktningar, turlag og andre frivillige så samla vi 18,1 tonn med plast i Sund kommune, fortel Tina Skudal.

Denne formen for aksjonar er utanfor Bir sitt ansvarsområde, men dei liker å engasjera seg for å halda regionen rein og ryddig.

• Les òg: Bygger gapahuk, sti og nye sandstrender i Ervikane

– Vi søkte i 2015 òg, men fekk avslag. Og vi har søkt på nytt i år. Vi har førebels ikkje fått svar, men forskotterer vedtaket og tar gratis imot plast som er samla inn om nokon vil på dugnad. Vi har sekkar på gjenvinningsstasjonane som folk kan henta.

Hos BOF fortel driftsleiar Bjørn Nilssen at dei stiller med båt og hentar bosset som blir rydda saman.

– Vi har ikkje løyve til å frakta passasjerar, men henter gjerne innsamla boss. Det er fint om frivillige tar kontakt med oss på førehand så vi får avtale om henting, og sånn at ikkje fleire grupper rydder på same plass, at vi får spreidd det litt.

– Ulvesundet er ein plass som blir rydda årleg, sist var det ein lærar ved Fusa vgs med elevar som tok jobben. Det er fleire friluftsområde i regionen vår som har velforeningar eller faste frivillige grupper som gjer ein fantastisk innsats. Det er dessverre nok av forsøpla område å ta av.

– Kva med rotvelt, er det òg eit system for å rydda område for naturmateriale, for eksempel til ved?

– Systemet er vel at det er svært mykje av det, men ja, enkelte plassar er det òg nokre som kjem å gjer meir enn det vi klarer, som i hovudsak er sikring av rotvelt på dei mest brukte plassane.

– I Oksabåsen utanfor Ervikane var det for eksempel ei velforeining med ein frå Krokeide som kom og felte tre for å selja ved. Dei rydda fint etter seg etterpå. Andre stadar er det folk som kappar rotvelt til ved for å gje gratis ved til eldre. Det er mange gode eldsjeler der ute, og det er berre til å ta kontakt med oss i BOF om det er nokon som er klare for å ta i eit tak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.