Lokal | 11. des. 2016

Skodde skapte magisk stemning!

... men korleis blir vêret veka som kjem?

Skodde skapte magisk stemning!
Os sentrum sett frå Nordmarka i 14-tida søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. des. 2016 19:15

Bildeserie:

Osmarka låg dekt av skodde i formiddag. (Foto: KVB)
Osmarka låg dekt av skodde i formiddag. (Foto: KVB)
I Os hamn blei det magisk stemning då skodda byrja å letta. (Foto: Janne Forstrønen)
I Os hamn blei det magisk stemning då skodda byrja å letta. (Foto: Janne Forstrønen)
1 av 2
Osmarka låg dekt av skodde i formiddag. (Foto: KVB)
I Os hamn blei det magisk stemning då skodda byrja å letta. (Foto: Janne Forstrønen)

Vêret i Os blei betre enn venta denne helga - med nesten samanhengande opphaldsvêr laurdag og søndag.

Søndag kom skodda sigande i 12-tida, men då den letta i 14-tida blei det eit fint lys i Os hamn og Os sentrum, der det i helga var marknadsdagar og fleire aktivitetar utandørs.

Melder minst éin fin dag

Måndag etter lunsj er det venta nedbør i Os, ifølgje både Yr og Storm (sjå pent.no).

Det er venta nedbør både på ettermiddagen og tysdag formiddag, men s skal det letta.

Tysdag ettermiddag og heile onsdag skal det bli lettskya og 4-5 gradar, med ned til 1 varmegrad og fare for glatte vegar natt til onsdag.

Torsdag og fredag skal det bli noko varmare, 7-8 gradar, og nokre regnbyger.

Laurdag er det meldt regn heile dagen, søndag skal det bli opphaldsvêr, ifølgje langtidsvarselet.

Snø i fjellet igjen

Både Eikedalen og Voss har hatt snø, men ikkje fått sving på skisesongen.

Myrkdalen har framleis snø, men kunne ikkje halda heisane opne i helga.

No er det meldt snø og -1 til 0 gradar måndag og 0-2 gradar tysdag. Onsdag er det venta opphaldsvêr, men minusgradar, så då kan det produserast meir snø i skianlegget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.