Laurdag i 22.40-tida fekk brannvesenet melding om skogbrann på Balandsneset på Drange.
– Vi er nesten framme. Ein høgspentleidning skal ha ramla ned og ifølgje meldar så brenn det i skogen, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.
Det bles kraftig i Os i dag. Truleg er det eit tre som har ramla over leidningen.
Balandsneset er eit populært hytteområde ytst på Drange.
Det var først uvisst kor stor brannen var og om det var fare for spreidning til hytter eller hus i området.
Oppdatert: Berre eit branntillaup
– Her var det ikkje mykje flammar, seier fotograf Anders Fløysand frå Varde Film og Media i 23.10-tida.
Han er på staden og seier det som har vore av gneistrar og småflammar er sløkt eller har sløkt av seg sjølv.
– To høgspentleidningar har ramla ned. Flammane hadde sløkt av seg sjølv då vi kom fram, seier Håvardstun.
– Vi venta til BKK hadde kopla ut straumen så gjekk vi inn og dynka ein halv tank over der det hadde brent,
Brannvesenet er no på retur til Os.
Branntillaupet var på utsida av bommen, ved Garvik rett før snuplassen ytst på Drange.
Straumbrot i Lysefjorden og på Søfteland
Fleire Midtsiden-lesarar har den siste halvtimen tipsa redaksjon om straumbrot på Drange, i Lysefjorden og på Søfteland.
– Vi kjenner til straumbrotet, men det er litt tidleg å seia kva som er årsaka, seier Jarle Hodne hos BKK Nett.
OPPDATERT: Klokka 23.05 ringer Hodne opp igjen og fortel at straumbrotet i Lysefjorden har med høgspenten på Drange å gjera, men at fleire adresser i Lysefjorden no er kopla inn igjen.
– Men dei er framleis utan straum på Balandsneset, Garvik og Skåtøy. Det er mest hytter det er snakk om.
Straumbrotet på Søfteland er det ei anna årsak til.
– Der har vi folk ute og søker etter feil.
Midtsiden kjem tilbake med meir.