Skogbrann på Fitjar – fekk varsel om evakuering på Drange
– Bror min køyrde ned til Korsvika for å sjekka at det faktisk ikkje var brann.


Søndag ettermiddag braut det ut skogbrann på Fitjar, ein brann som førte til evakuering av 25 bustadar.
Klokka 21.44 søndag kveld kunne ein innbyggar på Drange i Os fortelja at ho hadde fått nnødvarsel frå politiet, der ho blei beden om å evakuera grunna brann ved Korsvika.
– Vi sat og såg ein spennande film, så vi var litt på tuppa frå før, fortel innringar og ler.
Men i nokre minutt var det alvor.
– Naboen hadde òg fått varselet.
Før dei evakuerte oppdaga dei at Dagbladet hadde skrive om skogbrann ved Korsavika på Fitjar, altså i nabokommune over fjorden, rundt 50 kilometer vekke.
– Bror min køyrde ned til Korsavika her på Drange for å sjekka om det faktisk var brann.
Politiet kunne klokka 22.06 opplysa at nødvarselet var sendt ut framstår som ein teknisk feil, og at det kanskje ikkje er berre stadnamnet «Korsavika» som har finta ut systemet.
– Vi har fått telefonar frå folk i Alver, Øygarden og Bergen kommune som har fått varselet, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.
– Du treng ikkje ringa Vest politidistrikt for å fortelja at du har fått varselet, legg han til.
Politiet i Bergen kjenner foreløpig ikkje årsaka til feilen, men vil følgja opp saka.
Brannen har truleg starta i samband med bruk av eit stormkjøkken. Dei evakuerte på Fitjar blei i går kveld samla i Øvrebygda skule, skriv NRK.
I 22-tida i går hadde brannen spreidd seg til eit større område. I alt 25 bustadar blei evakuert.
Måndag morgon kan BT fortelja at ingen folk eller bygningar er skadd, og at det gjenstår ein ganske stabil brannfront på 30 meter.




