Skøyte-VM: Nei, Otto reiser ikkje åleine!
Os Travel til Hamar med 58 livlege supportarar.

Etter fellestur til verdscup i Stavanger i 2016 reiste 18 osingar med Os Travel til VM i Inzell, der Sverre i fjor tok eit historisk gull på 5000 meter.
I slutten av mars blei ny tur planlagt, Os Travel booka heile Staur Gård på Hamar, og tre veker seinare var den fullteikna.
– På det meste hadde vi ti personar på venteliste. Eit år seinare blei det eit par avbestillingar, men vi er no 104 som sit samla på tribunen og 58 som reiser og bur i lag på Staur Gård, fortel Hans Parnefält frå Os Travel.
40 av dei er frå Os, blant desse er supporter-esset Tore Kleppe, og revyveteran Otto Hægland. Brynjar Øvstedal reiser privat, men har sete med osingane. Det same har Bjørnafjorden-ordførar Trine Lindborg.
Klokka 09.30 var det avreise frå Flesland. I ettermiddag skal det heiast på Håvard Lorentzen og resten av dei norske sprinterane, i morgon startar allround med Sverre og den avtroppande kameraten Bøkko.
– Vi håper naturlegvis på sportsleg suksess, og skal gjera vårt ytterste for å heia fram dei norske utøvarane, seier Hans.
– Uansett er det ei oppleving å vera på tur saman, og å sjå skøyteløp på nært hald. Supportarar frå fleire land er med og lagar liv, og det er veldig venlegsinna stemning på tvers av nasjonar.
Sverre seier han ser på seg sjølv som ein utfordrar, men at formen er fin og at det er håp om medalje.
(Artikkelen held fram under stemningsvideoen frå turen):
- Se dette innlegget på Instagram
Et innlegg delt av Midtsiden.no (@midtsiden) Feb. 28, 2020 kl. 3:17 PST
Dette er det norske VM-laget:
MENN SPRINT
Odin By Farstad, Spk. Falken (22)
Håvard Holmefjord Lorentzen, Fana IL (27)
Henrik Fagerli Rukke, Hol IL (23)
KVINNER SPRINT
Hege Bøkko, Hol IL (28)
Ida Njåtun, Asker SK (29)
Reserve: Julie Nistad Samsonsen, Fana IL (19)
MENN ALLROUND
Håvard Bøkko, Hol IL (33)
Sverre Lunde Pedersen, Fana IL (27)
Hallgeir Engebråten, Nord-Odal IL (20)
Reserve: Kristian Gamme Ulekleiv, Gjøvik SK (23)
KVINNER ALLROUND
Sofie Karoline Haugen, Sandefjord SK (24)
Reserve: Ragne Wiklund, Aktiv SK (19)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.