Politi | 18. juli 2025

Skreiv ut 24 fartsbøter på Halhjemsvegen

Ein av dei nekta å vedta førelegget.

Skreiv ut 24 fartsbøter på Halhjemsvegen
Når det er laser i 80-sona står det vakt på brua på Moberg for å henta inn igjen dei som svinger av E39. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. juli 2025 09:23

Torsdag i 10.30-tida hadde politiet trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.

Dei målte fart med laser, og i går var det mange som køyrde for fort.

– Det blei skrive ut 24 forenkla førelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste målte fart var 109 km/t.

Det fører til 13.050 kroner å betala og tre prikkar på førarkortet. Om vedkomande køyrde i 1 km/t raskare ville førelegget blitt på 15.600.

Ein annan bilførar, som blei målt til 97 km/t, nekta å vedta førelegget. Det er dermed oppretta sak.

Storleiken på bota er 7250 kroner om du køyrer i 97 km/t i ei 80-sone. I tillegg kvalifiserer det for to prikkar på førarkortet.

Kor stor blir bota? Kor mange prikkar? Samfunsstraff eller fengsel? Her er ei oversikt:

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.