Politi | 15 timar sidan
Skreiv ut seks førelegg på Halhjemsvegen
Hadde kontroll i 70-sona på formiddagen.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. feb. 2026 08:25
Måndag litt før klokka 12 runda politiet av ein fartskontroll på E39 Halhjemsvegen.
Dei hadde då skrive ut seks forenkla førelegg i 70-sona.
– Høgaste målte fart var 89 km/t, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Det resulterer i 7450 kroner i førelegg, ifølgje nye satsar frå 15. februar, og to prikkar på førarkortet.




