Politi | 19. juli 2023

Skreiv ut ti forelegg på E39

Politiet hadde fartskontroll på Halhjemsvegen i går.

Skreiv ut ti forelegg på E39
E39: Politi på vekta på Moberg. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. juli 2023 09:55

Tysdag i 18-tida hadde politiet fartskontroll på E39 Halhjemsvegen.

Dei sto med laser i 70-sona, og det førte til ti reaksjonar.

– Høgaste målte fart var 90 km/t, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det fører til 6.700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet (1 km/t fortare, og det ville blitt tre prikkar).

I 21.30-tida stoppa politiet to lette motorsyklar på veg frå Bergen gjennom Lyshorntunnelen.

– Den eine føraren blei meldt for køyring av uregistrert motorvogn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.