Lokal | 02. apr. 2011

Skrekkeleg bra bilde

Liv-Rand Lind trassa slangeskrekken- og tok eit bilde som fekk pris i Nordens største naturfotokonkurranse.

Skrekkeleg bra bilde
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. apr. 2011 20:15

Bildeserie:

1 av 1

Tysdag denne veka fekk naturfotograf Liv-Randi Lind pris for beste nærbilde i magasinet Natur & Foto sin konkurranse.

Over 4500 bilde var sendt inn til det som er Nordens største konkurranse for naturfoto, der osingen Liv-Randi fekk pris for eit nærbilde av ein hoggorm som sluker ein frosk.

- Bildet blei tatt då vi var på veg tilbake mot Hatlelid frå ein tur til Raudlistova, ein laurdag seinsommaren 2009, fortel fotografen til Midtsiden.no.

Terapi mot fobi

Ho var på tur med fotograf-ektemannen Oddmund Lunde, og det var Oddmund som måtte lokka Liv-Randi til å gå nær nok til å ta prisvinnarbildet.

- Eg som har vakse opp i Vesterålen har knapt sett slangar eller orm før, eg har slangeskrekk og berre sett hoggorm to gongar i livet mitt.

Munnen full

Frosken låg på stien då fotografane nærma seg. Så kom hoggormen og dei to blei ståande på avstand.

- Først frykta eg at den skulle bita meg, men eg måtte seia meg einig då Oddmund sa at ormen allereie hadde munnen full og neppe kunne bita meg i tillegg.

Bildet blei tatt frå 20-30 cm avstand.

- Del to av terapien blei å opna dei saftige bilda på pc-en og sjå dei på storskjerm, seier Liv-Randi Lind.

Dette seier juryen om bildet: «For et dramatisk bilde. Det er nesten så hårene reiser seg på ryggen. Stakkars frosk. Liv-Randi Lind tok dette bildet og skal være stolt og fornøyd over å ha fått dette på minnebrikken. Det er nesten som man skulle tro at bildet er hentet fra en tropisk regnskog, men vår hjemlige hoggorm er også glupsk, og spiser regelmessig både frosk, gnagere og fugleunger ...»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.