Skremte gut på sjøen
Hamnesjefen gjekk til angrep på gut i gummibåt. Det endte med at guten ramla ut av båten i fart.
Torsdag ettermiddag litt før klokka 16 byrja det som i starten var ein vanleg scene i Os hamn: Ein ung båtførar i ein liten båt blei jaga av knoppsvana som forsvarer revir i og rundt Oselvo.
Men så blei det meir dramatisk.
– Guten i båten gav full gass og Hamnesjefen letta. Svana tok båten igjen og flaug rett i ryggen på guten, fortel vitne John Lepsøy.
Svana bruker vengene til å slå med, men det skal også ha sett ut som om han gjekk til angrep med nebbet.
– Den unge båtføraren har truleg mista grepet på påhengsen, for båten gjorde ein brå sving og guten fauk rett i sjøen, fortel Lepsøy.
– Han skal vera glad for at han brukte dødmannsknapp, elles kunne han blitt påkjørt av eigen båt.
Vitnet fortel at det skal ha sett ut til å ha gått bra med guten, og at Hamnesjefen gav seg då guten låg i sjøen.
– Men det var litt av eit syn, seier John Lepsøy.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.