Lokal | 22. okt. 2013

Skryt, fleip og marsipan

I går var det kranselag på nye Nore Neset ungdomsskule.

Skryt, fleip og marsipan
Prosjekleiar Tor Inge Døsen frå Os kommune saman med anleggsleiar Kai Høe frå Hent AS inne i det som blir foajeen på den nye skulen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. okt. 2013 19:55

Bildeserie:

Skulen per oktober 2013. (Foto: KVB)
Skulen per oktober 2013. (Foto: KVB)
Teikning av ferdig fasade.
Teikning av ferdig fasade.
Arbeidsplassen har ikkje berre nordmenn i sving. (Foto: KVB)
Arbeidsplassen har ikkje berre nordmenn i sving. (Foto: KVB)
Det ser lyst og lovande ut for foajeen. (Foto: KVB)
Det ser lyst og lovande ut for foajeen. (Foto: KVB)
... og sånn skal det bli.
... og sånn skal det bli.
Det var dekka til 80. (Foto: KVB)
Det var dekka til 80. (Foto: KVB)
Snittar først, så kake. (Foto: KVB)
Snittar først, så kake. (Foto: KVB)
Prosjektleiar frå Os kommune, Tor Inge Døsen. (Foto: KVB)
Prosjektleiar frå Os kommune, Tor Inge Døsen. (Foto: KVB)
Avtroppande kommunalsjef Ingvar Torsvik. (Foto: KVB)
Avtroppande kommunalsjef Ingvar Torsvik. (Foto: KVB)
Anne Fristad troppar på som rektor frå 1. januar. (Foto: KVB)
Anne Fristad troppar på som rektor frå 1. januar. (Foto: KVB)
1 av 10
Skulen per oktober 2013. (Foto: KVB)
Teikning av ferdig fasade.
Arbeidsplassen har ikkje berre nordmenn i sving. (Foto: KVB)
Det ser lyst og lovande ut for foajeen. (Foto: KVB)
... og sånn skal det bli.
Det var dekka til 80. (Foto: KVB)
Snittar først, så kake. (Foto: KVB)
Prosjektleiar frå Os kommune, Tor Inge Døsen. (Foto: KVB)
Avtroppande kommunalsjef Ingvar Torsvik. (Foto: KVB)
Anne Fristad troppar på som rektor frå 1. januar. (Foto: KVB)

– Vindauga har kome i og taket er tett. Og det skal halda tett i all framtid, flirte prosjektleiar frå Os kommune, Tor Inge Døsen, under kranselaget i nye Nore Neset ungdomsskule måndag 21. oktober.

Hovudentreprenør Hent AS har leigd inn 15 underentreprenørar, berre éin av dei, Fløysand Tak, er frå Os.

– Vi hadde fleire sterke lokale kandidatar då skulen var ute på anbod, og vi var litt spente då valet blei ei verksemd frå Trøndelag.

– Men dei har framstått som fagleg dyktige, lette å kommunisera med og grundige, også på dette med HMS.

Lynavleiarar

Døsen innrømte samtidig at det ikkje er ALT oppdragsgjevar og entreprenør har vore einige.

– Sånn er det uansett, du klarer ikkje å bygga for 100 millionar kroner og vera einige i alt.

– Vi har funne nokre punkt som vi kan diskutera, dei punkta fungerer som lyn-avleiarar, sånn at alt resterande går som smurt.

– Og eg er sikker på at Hent har kome til bergensområdet for å bli. Her kan dei fint få seg fleire jobbar, for dei ligg an til å få ein veldig fin attest hos oss, seier den tidlegare StorBergen-prosjektleiaren.

Gjensidig

Også anleggsleiar hos Hent AS, Kai Høe, er nøgd med prosjektstyringa og dialogen mellom partane.

– Vi har mykje erfaring frå bygging av skular og større bygg, og dialog med det offentlege som oppdragsgjevar.

– Men det er litt spesielt med så byggfagleg sterk kompetanse som det Os kommune har, seier Høe.

Lytta til lærarane

Andre som hadde ordet var avtroppande kommunalsjef, Ingvar Torsvik, som har vore ein svært sentral figur i utforminga av skulebruksplanen som har ført til bygging av den nye skulen.

– Det er ein stor glede å vera her i dag, å sjå skulen bli realisert, også for meg personleg.

– Eg gler meg verkeleg på vegne av dei tilsette og elevane som skal få bruka denne skulen.

Rett over nyttår startar Anne Fristad, som blir rektor ved skulen, i stillinga. Børge Lunde, rektor ved skulen i Strøno, overtar barneskulen på Nore Neset.

– Vi gler oss veldig og eg er takksam for måten prosjektleiinga har lytta til oss pedagogar på, sa Anne.

Generasjonsperspektiv

– Dette er ei type hending vi kan sjå på i generasjonsperspektiv, sa ordførar Terje Søviknes.

– Vi må tilbake til 1960 når vi skal sjå kor tid vi sist bygde ein ny ungdomsskule i Os.

– No har vi hatt fleire store byggeprosjekt i Os det siste tiåret, og tiåret før, frå Luranetunet til Osbadet og Oseana. I tillegg har vi bygd nytt hovudreinseanlegg for vatn, og nytt hovudavlaupsanlegg er under planlegging.

– Årsaka til dette er folkeveksten i kommunen, og veksten vi ventar når ny veg mellom Os og Bergen er på plass, sa Søviknes.

Fredag 19. oktober i fjor blei første spadetak tatt, nesten på datoen eitt år seinare var det kranselag.

Det var dekka til 80 inne i skulebygget, med tallerkar frå aktivitetshuset.

– Eg nekta å eta på papp på ein dag som denne, sa Døsen.

Skulen, som blir på rett over 5000 kvadratmeter og skal husa rundt 400 elevar, skal stå "ganske ferdig" i april.

Så blir det prøvedrift ei kort stund før ferien og full drift frå skulestart i august 2014.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.