Sport | 05. sep. 2013

Skuffa i Polen

Arne Thuen er ikkje nøgd etter å ha blitt diskvalifisert i tredje kamp i VM i handbak.

Skuffa i Polen
Opningsseremoni i Polen: 52 nasjonar og høgt nivå - men Arne var skadefri og hadde mål om plass på pallen. (Foto: KVB/privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. sep. 2013 13:45

Fire deltakarar frå Os Håndbakklubb er i Polen for å delta i VM i handbak.

Les òg: Thuen skadefri før VM

I går var Øyvind Birkeland, som er tittelforsvarar i master -90 kg, i elden.

Han rauk ut i første kamp med høgre hand og fekk 6. plass med venstre.

Betre gjekk det ikkje med Arne Thuen, som bortsett frå i VM i Las Vegas alltid har kome heim med medaljar frå EM og VM.

– Eg møtte ein russar som er favoritt i første kamp og tapte. I forsøk på å vinna meg vidare mot finale slo eg ein sveitsar, men så blei det dessverre stopp, fortel Arne Thuen, som deltar i grand master-klassen.

Blei diska

Mot ein frå Ukraina såg det ut som om Arne var sterkast.

– Eg la han ned to gongar, men blei diskvalifisert. Dommarane meinte at eg hadde olbogen utanfor matta.

Sjølv om Arne føler seg sikker på at olbogen var nedi, og andre brytarar som sto og såg på reagerte med vantru då Arne blei diska, klandrar han ikkje andre enn seg sjølv.

– Det er høgt nivå og små marginar og om det har sett ut som om olbogen var utanfor eller opp av matta, så har eg ikkje vore god nok.

– Nett no er eg skuffa, eg hadde håpa på plass på pallen. Men arrangementet elles er fint så no får vi bruka energien på å heia på Tore Matre og Asle Kvamsdal, når dei skal i elden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.