Kultur | 15. mars 2011

Skuffa, men ikkje sint

Musikkbingen fekk ikkje stå 24 timar i fred. No lover rockarane graffiti-kurs, men berre dersom dette blir siste tilfelle av hærverk.

Skuffa, men ikkje sint
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. mars 2011 20:44

Måndag ettermiddag blei Os sin andre musikkbinge løfta på plass ved skulen på Søfteland. Tysdag morgon hadde nokon allereie teikna på den.

- Eg kan ikkje seia at eg var overraska, sidan Søfteland har vore ein del utsett for hærverk. Men eg var litt irritert og litt imponert, tenk at ei sånn gåve til Søfteland krins blir tatt imot på denne måten, på så kort tid, seier Kjetil Grønvigh, som tysdag morgon kom til Søfteland for å montera vidare på bingen.

Ein musikkbinge med utstyr kostar fleire hundre tusen kroner. Grønvigh, som er leiar i Os Rockeklubb, som har drifta av musikkbingane i Os, var den første til å ropa høgt at binge nummer to måtte plasserast på Søfteland.

- Musikkbingane er mobile, og kan lett flyttast til ein annan stad. Men eg håper og trur at dette berre er éin person med éin dårleg idé. Og så kom eg opp med ein betre idé.

Vil halda kurs i graffiti

Trommespelaren Grønvigh er som musikar sjølv ei kreativ sjel, og sjølv om ikkje anarki-A-en på musikkbinge-døra er eit mesterverk, trur han gjerningspersonen også kan ha noko kreativt i seg.

- Derfor kontakta eg William Lindborg, som både er søftelending og Rock N LoL-ansvarleg, og spurte om ikkje vi skulle gjera noko positivt ut av dette, fortel Kjetil.

Og sånn blir det - når snora, eller piggtråden (som blei brukt ved opninga av bingen på Kuventræ) skal klippast vil publikum få fleire fine overraskingar. Ei av dei blir kurs i graffiti.

- Vi har fått ein graffitikunstnar til å takka ja til å koma på opninga, så får vi håpa at publikum får læra om både kunst, reglar og folkeskikk denne dagen.

- Vår binge!

William Lindborg er skuffa over at musikkbingen ikkje fekk stå lenge i fred, men glad for at ikkje hærverket var meir omfattande.

- No blir det alle oss frå Søfteland sin jobb å sjå til at bingen blir tatt godt hand om. Vi i Rock N LoL vil jobba for at søftelendingane skal føla eigarskap til bingen og at den snart skal bli tatt i bruk av så mange ungdomar som mogleg.

- Når vi ser kor populær musikkbingen på Kuventræ har blitt, og kor mykje positivt som spirar i slike bingar, skal vi vera veldig glade for at binge nummer to har hamna nettopp hos oss, seier Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.