Meining | 06. juni 2025

Skuffande møte om hotellplanane ved Oseana

DEBATT: Då vi gjekk frå møtet var vi optimistar - men vi vart skuffa.

Skuffande møte om hotellplanane ved Oseana
Lesarinnlegg
Lesarinnleggfredag 06. juni 2025 10:32

Av: Foreninga Midtskogen Vel

Skuffande møte med arkitektfirmaet ABO og oppdragsgjevarane deira – Krohnås Prosjekt og LAB Eiendom.

Bakgrunnen for møtet:

Arkitektkontoret ABO har fått i oppdrag å laga forslag til ein privat reguleringsplan for «Hotelltomta» på Mobergsneset ved Osøyro ved siden av kulturhuset Oseana til Bjørnefjorden kommune.

Her kan det koma eit høghotell som kan verta 38 meter høgt, ja, kanskje endå høgare om det kjem tekniske installasjonar oppå der igjen!

Skisse frå hausten 2024. Ill.: Grieg Arkitekter

Då snakkar i om 10-12 etasjar rett foran nedre del av Mobergshaugane der det bur svært mange osingar som fryktar at bumiljøet deira vil bli totalt øydelagt.

Møtet kom i stand etter at leiar av Osøyro Eiendomsutvikling, Christian Tellefsen, tidlegare hadde signalisert gjennom media at dei gjerne ville orientera om arbeidet med høghotellet sidan dei meinte det var trong for slik informasjon.

Optimistar i ei veke

Då vi gjekk frå møtet var vi optimistar - men vi vart skuffa. På møtet lovde utbyggarane at dei skulle følgje dei strengaste krava til konsekvensutgreiingar sjølv om bygget det planlegg kanskje ikke vert over 15.000 kvm.

Dei lova også at det skulle gjerast støymålingar av trafikken rundt Mobergssvingen no, og berekningar av kor stor støyen blir med den trafikkutviklingen vi ser for tida, og etter korleis høghotellet bli utforma.

Til slutt lova dei at det skulle lagast 3D-modell slik at alle bebuarane i området kan få sjå korleis hotellet vil ta seg ut sett frå deira bustad før forslaget til privat reguleringsplan blir lagt fram til politisk handsaming.

Dei kunne også bekrefta at Kulturskulen mister sine lokale i kulturhuset Oseana, men sa at det vart arbeid med alternative lokaler. I den samanhengen nemde dei lokala til restauranten i Oseana.

Protokollen etter møtet ville dei ikkje godta

Det dei lova tok vi med i vårt forslag til protokoll etter møtet – men vårt forslag til protokoll ville dei ikkje godta.

Deira forslag til protokoll seier ikkje noka anna enn at dei vil følgje gjeldande lover og forskrifter for slikt planarbeid.

Kva no?

Styret i FMV forventar at motparten vil halde det dei lova på møtet. Til hausten veit vi om dei gjer det.

Vedtak gjort av styret i FMV 21.05.25: Styret seier seg lei for at partane ikkje vart samde om ein felles protokoll frå møtet.

Styret kan berre konstantera at motparten i denne saka ikkje har vilje til å gå lengre enn det lova krev når det gjeld konsekvensutgreiing av dei store ulempene som prosjektet vil føre til for nabolaget på Moberg. Dei står heller ikkje ved lovnaden om ein 3D-presentasjonen av dei bygningane som er aktuelle. Dette til tross for at det munnleg vart lova meir på møtet.

Foreninga Midtskogen Vel

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.