Lokal | 23. aug. 2019

Skuledebattane er i gang

Første runde gjekk på Os Gymnas i dag tidleg.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. aug. 2019 11:09

I dag er det to rundar med skuledebatt ved Os Gymnas.

Midtsiden var med då elevane frå gymnaset var publikum, frå klokka 9. Etter lunsj kom elevane ved Os vidaregåande skule ned til gymnaset for å høyra ein ny runde med debatt mellom ungdomspolitikarane.

Ni parti stilte til debatt.

Det starta med skulepolitikk, men kom fort innom bompengar, bru over Bjørnafjorden og vindmøller. Men så kom debatten tilbake til blant anna psykolog i skulen og tiltak mot mobbing.

Sjå utdrag av debatten i videoruta over.

Det er elevane i programfaget «politikk og menneskerettar» som saman med faglærar Øystein Johannesenhar ansvaret for debatten.

Måndag 26. august skal Os Gymnas halda skuleval.

Då skal elevane frå same fag drifta vallokalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.