Skulestart er ikkje likt for alle
Ly peikar på tre konkrete grep vaksne kan gjera for å bidra til at fleire barn får ein trygg skulestart.


For mange barn er skulestart ein glad dag som består av gjensyn med venner og ny sekk på ryggen. For andre er det ein dag dei gruar seg til, kanskje fordi dei ikkje heilt veit kvar dei høyrer til, eller fordi sommaren har vore tung.
Organisasjonen Ly jobbar for barn og unge med ein oppvekst prega av rusa til vaksne, og oppmodar alle vaksne rundt barn til å ta eit lite ekstra ansvar når skulen byrjar igjen.
«Du treng ikkje veta kva som skjer heime hos eit barn for å vera ein viktig vaksen for det.»
– Vi veit at mange barn ber på ting dei færraste vaksne anar noko om. For desse barna kan dei vaksne rundt dei, ikkje berre foreldre, men også besteforeldre, naboar og andre føresette, gjera ein reell forskjell, seier Kristin Oudmayer, generalsekretær i Ly i ei pressemelding.

Ly peikar på tre konkrete grep vaksne kan gjera for å bidra til at fleire barn får ein trygg skulestart:
1. Lytt når barnet ditt fortel om klassen
Barn legg merke til meir enn me trur. Kven som er utanfor, kven som stadig hamnar i trøbbel, og kven som blir gjort narr av. Å lytta til barnet sitt, ikkje berre til kva som blir sagt, men også korleis, gir vaksne innsikt og høve til å støtta og gjera ein forskjell. For nokre barn finst det ingen heime som tar den praten. Då er det ekstra viktig at andre vaksne gjer det.
2. Gjer det enkelt å vera med
Eit godt klassemiljø startar også heime, i korleis vaksne snakkar med barna sine om inkludering. For barn som ikkje alltid kan invitera venner heim, planleggja langt fram, eller veit om dei kan bli med, kan ein open invitasjon gjera det litt enklare å vera ein del av fellesskapen. Ly oppmodar vaksne til å invitera breitt, og til å snakka med barna sine om at ein aldri veit kva andre ber på.
3. Ver ein trygg vaksen for fleire
Nokre barn startar ikkje hausten med blanke ark. Du treng ikkje veta kva som skjer heime hos eit barn for å vera ein viktig vaksen for det. Å visa interesse, ha litt ekstra tid og vera tilgjengeleg kan gjera det lettare for barnet å komma til deg om noko er vanskeleg.
Blir du ordentleg bekymra, oppmodar Ly til å seia frå. Du treng ikkje kjenna detaljane for å be om råd frå skulen eller barnevernstenesta.
– Ved å seia frå og prata med nokon, kan du bidra til at skulen ser og møter barnet på ein betre måte. Det er ikkje å sladra, men å visa omsorg, seier Kristin Oudmayer.
Ly minner om at ingen av desse grepa krev mykje tid eller store ord, men at dei saman kan bidra til at fleire barn opplever skulestarten som trygg.
Om Ly
Ly er ein brukar- og pårørandeorganisasjon for deg som har ein oppvekst prega av rusa til vaksne.
Ly jobbar for å styrkja rettane til barn i alle aldrar som lever, eller har levd, i familiar prega av rus, og for å løfta fram erfaringane og perspektiva deira gjennom brukarrepresentantane våre.
Ly synleggjer ressursane og moglegheitene i denne gruppa, og tilbyr støtte gjennom vår lågterskel chatteteneste.
Chatten blir drifta av frivillige, og er open søndag til torsdag klokka 17–20.