Lokal | 04. sep. 2017

Skuleval på Os Gymnas

I 2013 vaks Høyre med 20,2 prosentpoeng. I år er det eit anna parti som opplever formidabel vekst. Her ser du årets resultat.

Skuleval på Os Gymnas
29. august blei valdebatten halden på Os Gymnas. I dag stemte elevane i skulevalet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 04. sep. 2017 14:06

Os Gymnas har i dag gjennomført skuleval. Av dei 256 elevane ved skulen stemte 243 elevar, noko som gjev eit frammøte på 94,9 prosent.

Før førre stortingsval, i 2013, gjekk Høyre fram frå 32,4 til 52,6 prosent, etter ein forrykande debattinnsats av Elise Loftheim (Unge Høyre).

Venstre gjekk i 2013 mest tilbake, frå 15,8 til 4,4 prosent.

I år er resultata jamnare med fire parti på tosifra tal. Høgre går kraftig tilbake frå 52,6 prosent til 20,2%, men er framleis størst. SV gjer eit imponerande byks frå 2,2% i 2013 til 18,9% i år.

• Les òg: God debatt på gymnaset

RESULTAT

Skuleval ved Os Gymnas 4. september 2017. Deltaking på 94,9%.

Høyre: 20,2%
Ap: 19,7%
SV: 18,9%
Frp: 16,7%
MDG: 6,0%
V: 4,7%
Liberalistene: 3,0%
Rødt: 2,6%
Feministisk Initativ: 2,1%
Piratpartiet: 1,7%
Krf: 1,3%
Sp: 0,9%
Alliansen: 0,9%
Kystpartiet: 0,4%
Demokratene i Norge: 0,4%
Partiet De Kristne: 0,4%
Helsepartiet: 0,0%

Os vgs har skuleval i morgon, tysdag. Sånn gjekk det i 2013.

Her er resultata frå skulevalet ved Os Gymnas i 2013:
(228 av 267 stemte - frammøte 86,1 %)
Høyre: 52,6 %
Ap: 11,8 %
Frp: 8,8 %
KrF: 4,8 %
Venstre: 4,4 %
Sp: 3,5 %
MDG: 3,5 %
Piratpartiet: 3,5 %
SV: 2,2 %
Rødt: 2,2 %
NKP: 0,9

Skulevalet ved Os Gymnas, 2009:
Høyre: 32,4 %
Venstre: 15,8 %
Ap: 14,4 %
Frp: 13,7 %
Sp: 7,2 %
SV: 6,5 %
KrF: 2,2 %
Sentrumsalliansen: 2,2 %
Kristent Samlingsparti: 1,4 %
Pensjonistpartiet: 0,7 %
NKP: 0,7 %

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.