Lokal | 10. jan. 2019

Skulle på klassetur - gir frå seg reisepotten

I staden for å få besøk av 15 elevar, får Bakketeig uventa pengestøtte til Moldova-prosjektet sitt.

Ved sidan av Moldova-aksjonen fekk Bakketeig i dag denne sjekken frå 15 elevar som droppa klasseturen sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. jan. 2019 21:20

Fleire skuleklassar ved Os vgs jobbar med å få råd til å reisa på klassetur. Målet er å oppleva noko spennande saman, men for å reisa som klasse krev skulen at det er ein viss porsjon fagleg innhald.

Dei 15 elevane i den eine helse- og omsorgklassen på Os vgs samla inn over 20.000 kroner for å reisa. Dei selte organiserte kafé og selte gratulasjonskort og kjeks. Men så bestemte dei seg i staden for å gi alle pengane til Hjelp Moldova ved Hans Bjørn Bakketeig.

– Vi merkte at vi ikkje kom i mål med å finansiera noko tur, vi trengte jo rundt 100.000 kroner. Det blei ikkje snakk om at nokre få skulle reisa, det var alle eller ingen.

– Vi har framleis lyst å besøka Moldova og å bli kjent med arbeidet som blir gjort og korleis organisasjonen jobbar. Men vi trur dei hjelpetrengande har endå meir bruk for pengar enn at vi kjem på besøk, seier elevane.

Dette er utanom den faste Moldova-aksjonen, som Os vgs og andre skular deltar i.

Optiker Hans Bjørn Bakketeig er rørt og overraska.

– Det hadde vore fantastisk kjekt å reisa til Moldova med denne gjengen, men at noko som har lyst på ein klassetur tenkjer så mykje meir på andre enn på seg sjølv synest eg er prisverdig.

Utgangspunktet for innsatsen i det fattige europeiske landet Moldova var at landet var fritt for optikarar, og at synshemma ramla utanfor undervising og arbeidsliv.

– Vi bruker rundt 2000 kroner i snitt per person vi hjelper med synstest og nye briller. Desse pengane kjem til å få mykje å seia for mange familiar.

Sikta seg først inn på Romania eller Spania

– Elevane i den eine helse- og omsorgklassen ville til Romania for å besøka ein barneheim. Eg var imponert over engasjementet! seier assisterande rektor Inger-Elin Epland.

Men skulen har ikkje erfaring med klasseturar til Romania, og var avventande. «Spania!» var neste forslag.

– Eg spurde om dei hadde høyrd om Moldova, og det hadde dei overraskande nok ikkje.

Os vgs har lange tradisjonar for både innsamlingsaksjon til organisasjonen Hjelp Moldova, og årlege turar, men då berre med små grupper på rundt 3 elevar og 2 lærarar.

– Neste tur er til hausten. Eg håper de søkjer, og at eg likevel treff nokre av dykk der nede, sa Bakketeig.

Elevane har fått merka kva støtte han har i bygda.

– Då vi gjekk med bøsser hadde det nyleg vore advart i riksmedia om falske bøssebærarar. Folk var litt skeptiske, men i den augneblinken vi nemte namnet hans sprang dei og henta lommeboka, fortel elevane.

Mista 60-70 prosent av inntektene

Fleire vidaregåande skular, som Slåtthaug, Fusa og Os Gymnas, deltak i Hjelp Moldova-aksjonen. Os vgs åleine samlar årleg inn rundt 200.000 kroner.

Fleire andre osingar har involvert seg, som venegjengen til Bakketeig, då dei arrangerte torgfest i august i fjor.

Det private initiativet auka etter at det blei kjent at organisasjonen ikkje fekk vidareført støtta frå UD, ei prosjektstøtte på nær ein million kroner i året, som dei har hatt sidan 2013.

– Støtta gjekk ut 2018. Den utgjorde 60-70 prosent av dei totale inntektene våre, fortel Hans Bjørn.

I 2017 blei han slått til riddar, i 2018 viste TV2 filmen om Hjelp Moldova.

– Har de byrja å stenga klinikkar, eller har mangelen på støtte fått andre konsekvensar?

– Nei, vi kjem aldri til å stenga. Førebels driv vi i same tempo, men om vi ikkje får ny støtte på plass er det fare for at eg må gå ned i stilling. Det vil i så fall gå ut over lobbyverksemda inn mot regjeringa i Moldova. Det har vist seg å vera viktig å halda kontakten. Dei lyttar når fagfolk frå utlandet pratar, men er eg for lenge vekke er det fare for at dei slepp litt tak i tinga.

– I år er det val, og det kan koma nye statsrådar som det blir viktig for meg å skapa relasjonar til. Derfor jobbar vi vidare med å søkja om støtte både i Noreg og frå andre delar av Europa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.