Skulle spelt mot Israel i går
EM-kvalifisering utsett for Linnea og Nora.


Arna-Bjørnar-spelarane Linnea Sælen og Nora Blindheim Nøss frå Os har i haust både spelt treningskampar for Norge U19 og blitt tatt ut til EM-kvalifisering.
I utgangspunktet skulle Norge spela mot Finland, Tyskland og Isreal i Helsinki frå 25. til 31. oktober, men sånn blei det ikkje.
– UEFA har, grunna situasjonen i Israel, bestemt å utsetja kampane, opplyste Norges Fotballforbund i oktober.
I staden blei det ei treningssamling i Oslo i førre veke.
Finland er framleis vertsnasjon for kvalifiseringa, nye datoar er:
29.11 Finland - Norge
02.12 Tyskland - Norge
05.12 Israel - Norge
Det kom tre nye spelarar inn på landslaget i slutten av oktober, blant desse er Synne Hauge Kjølholdt frå Fyllingsdalen.
Nora og Linnea er i mellomtida travle i Toppserien, der Arna-Bjørnar kjempar om å halda seg på øvste nivå.
Tre rundar står igjen å spela, laurdag tar dei imot LSK, som ligg på 3. plass.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.