Kultur | 23. juli 2012

Skulpturar i Hvelvet

Torsdag opnar Erika Anfinsen skulpturutstilling i Hvelvet på Oseana.

Skulpturar i Hvelvet
Erika Anfinsen har ei stor bredde i materialbruken i skulpturane sine (privat foto)
Andris Hamremåndag 23. juli 2012 12:22

Erika Anfinsen har i mange år vore elev av og delt atelier med billedkustnar Knut Steen. Steen budde sidan 1976 i Italia og blei mykje omtalt i 2006 då han på oppdrag av Oslo kommune laga ei åtte meter høg statue av Kong Olav som kommunen, grunna utforminga, ikkje ville ha. Statuen enda tilslutt på Skjerjehamn i Gulen kommune.

Anfinsen er tyskfødd, men busett i Bergen kor ho har atelier saman med ein annan skulptør. I tillegg til basen i Bergen har ho eit atelier i Pietrasanta i Italia.

Ho har eit abstrakt-figurativt formspråk med ei sensuell og energisk form. Med nøyaktigheit og kontrollert bruk av tunge verkty får ho skulpturane til å bli lette og delikate, nesten gjennomsiktige.

- Eg likar å berre gje ei antydning av ideen bak skupturen slik at dei som ser dei kan få rom til å gjera sine eigne betraktningar og kjensler, fortel Anfinsen.

Frå kjeramikk til stål og marmor

Etter mange års arbeid med kjeramikk gjekk kunstnaren over til "tyngre" materialar som marmor, stål og bronse.

- Eg likar dei utfordringane, både moglegheitene og begrensningane, som ligg i dei ulike materiala når ein skal uttrykke noko tredimensjonalt, forklarar kunstnaren.

Anfinsen er utdanna frå Bonn og høgskulen i Bergen. Ho er kjøpt inn frå fleire firma og institusjonar som G.C Rieber, Bergen kommune og Haukeland sjukehus. Dei siste åra har ho hatt fleire utstillingar i både inn og utland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.