Skyen i Byen etablert på Søfteland
Dampa utstyr: I dag opna Skyen i Byen ny butikk på Søfteland.
– Vi sel røykeslutt-produkt, og skal vera eit tilbod til dei som ønskjer å stumpa røyken, seier innehavar av Skyen i Byen Søfteland, Nina Kårdal.
Kårdal har allereie ein filial i Øvregaten i Bergen. Denne opna ho saman med stesonen, Christer Kårdal tilbake i 2016.
– Det var faktisk Christer som sette meg på tanken om å opna ein butikk som sel damputstyr og E-væske, fortel Nina.
– No har han busett seg tvers over vegen for butikken her på Søfteland, og han vil stå i butikken til dagleg.
Talde bilar
Det var god kø og godt med sal då butikken opna klokka 12 i dag. Christer fortel om kundar som kom frå Fusa, og som uttrykte glede over å endeleg ha eit tilbod i nærleiken.
Den nye butikken ligg vegg i vegg med Memos, kor det tidlegare var frisørsalong.
– Men kvifor ekspandera til nettopp Søfteland?
– Vi har godt sal i butikken i Øvregaten, faktisk måtte vi flytta til større lokale i same gate for å handtera etterspurnaden. Men målet med denne butikken er å vera tilgjengeleg for kundane i Bergen sør, og ikkje minst Os og Bjørnafjorden.
– Vi visste at vi hadde mange kundar frå Os, og for ein del av dei er det er det noko styrete å ta seg heilt til Bergen sentrum for å handla.
Nina fortel at plasseringa er heilt bevisst - eg vurderte ei stund Os sentrum, men då eg gjekk inn og las trafikktala hos Statens vegvesen, skjøna eg at dette kunne vera ei god plassering. Trafikken og plasseringa saman med opningstidene gjer at det skal vera lett å stoppa innom hos oss.
Damping, ikkje røyking
Nina og Christer fortel at dei er underlagde tobakkslova, og at det er 18-årsgrense på alle produkta dei sel. Dei sel heller ikkje røykeprodukt - her heiter det å dampa E-sigarett.
– Det er vanen som er verst å bli kvitt når du ønskjer å slutta røyka. I våre produkt er 95 prosent av dei farlege stoffa du til vanleg finn i tobakk fjerna, og dei inneheld heller ikkje nikotin, seier Nina.
– Det er i tillegg mykje meir økonomisk å dampa i staden for å røyka, legg Christer til.
– Det første du må gjera er å investera i ein E-sigarett, altså apparatet som omgjer væska til damp, men etter dette skal du fint klara deg på eit budsjett på om lag 400 kroner i månaden. Eg tør seia at det er billeg samanlikna med tobakk eller snus.
450 val
I butikken på Søfteland har Nina og Christer om lag 450 ulike smakar og variantar til sals.
– Dette er berre ein liten brøkdel av kva som finst på markaden, seier Nina. Når nokon går over frå vanleg røyk til damping, vel dei ofte ei væske med tobakkssmak først, men det går ikkje lange tida før dei prøver noko anna med betre smak. Her er det nesten ikkje grenser for ulike smakar of variantar.
Nina og Christer kjenner naturlegvis til at bruk av e-sigarettar har vore omdiskutert, ikkje minst i USA.
– Sakene handlar i hovudsak om dårlege varer eller feil bruk. Før eg opna den første butikken i Bergen var eg veldig opptatt av at dette måtte gjerast rett, seier Nina.
– Eg brukte lang tid på research og på å finna gode samarbeidspartnarar og leverandørar. No har vi ein norsk leverandør som vi handlar gode produkt av, avsluttar Nina.