Lokal | 06. juni 2014

Skyssa på lasteplanet

Fredag fekk elevar ved Os VGS testa teori i praksis då dei hjalp til med å laste to veteranbussar på planet til skulen sitt vogntog.

Skyssa på lasteplanet
Elevane Marita Bettum Gundersen, Njål Hetleflåt, Christoffer Leikvoll Storvik og Johan Mo hjalp Ole-Jonny Dale med lastinga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 06. juni 2014 13:12

Bildeserie:

Først blei bussen heist opp i rett høgde på bukken i verkstaden (foto: AH)
Først blei bussen heist opp i rett høgde på bukken i verkstaden (foto: AH)
Før Dale køyrde bussen over på lasteplanet (foto: AH)
Før Dale køyrde bussen over på lasteplanet (foto: AH)
Med assistanse frå Johan Mo for ikkje å køyre i framre kanten (foto: AH)
Med assistanse frå Johan Mo for ikkje å køyre i framre kanten (foto: AH)
Elevane sikra bussen (foto: AH)
Elevane sikra bussen (foto: AH)
Før det var klart for buss nummer to og turen til Hamar (foto: AH)
Før det var klart for buss nummer to og turen til Hamar (foto: AH)
1 av 5

Det var eldsjelene i Gaia Veteranbusser som ba skulen om hjelp til å lasta dei to veteranbussane frå Os på lasteplanet fredag morgon.

– Vi skal til Hamar på det årlege landstreffet for veteranbussar arrangert av Rutebilhistorisk forening, fortel Ole-Jonny Dale.

Dei to bussane, ein Dodge frå 1946 og ein Bedford frå 1050 blei først heist opp på bukken i verkstedet til Os vidaregåande skule, før Dale køyrde dei over på lasteplanet. Med god assistanse frå elevar på VG2 blei dei så sikra før turen går over fjellet.

– Dei skulle stå trygt no. Elevane er flinke, konstanterer Dale.

Vil ikkje slita dei ut

Det er ikkje første gongen bussane er på langtur til austlandet, men denne gongen går dei ikkje for eige maskin.

– Vi kunne nok ha køyrd dei, men dei byrjar å bli så gamle at det kan vera vanskeleg å få ta i delar om noko skulle ryke.

– Skal vi klare å halde dei rullande i 100 år til, så må vi fara varsomt med dei, smiler veteranbuss-entusiasten.

T-Ford frå 1919

Veteranbilgjengen frå Os og Bergen stiller med fem bussar på treffet.

– I tillegg til desse to stiller vi med to busser frå Arna og ein T-Ford frå 1919, avsluttar Dale.

Totalt er det påmeldt 112 bussar på treffet som blir arrangert på Jernbanehistorisk museum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.