Debatt | 06. sep. 2025

Slåande replikkar

Same kva me måtte seia om amerikanarane, har dei ein humor som ikkje er lett å stå seg for.

Slåande replikkar
Arnfinn Haga. Foto (Arkiv): Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnlegglaurdag 06. sep. 2025 10:04

Naturleg nok er det ofte politikarar me høyrer og ser. Dei fleste står trygt i tradisjonen - om ikkje akkurat den hestehandlaren som sit i presidentstolen no.

President og republikanar Ronald Reagan skulle opererast og få full narkose. Då legane stod rundt senga klare med sprøytene, sa han:

«I hope you are Republicans!»

Thomas Jefferson vert rekna som hovudarkitekten bak den amerikanske grunnlova, vedteken i 1776.

Ein gong baud president Kennedy inn alle amerikanske nobelprisvinnarar til middag i den politiske storstova. Han innleidde slik:

«Eg trur dette er den mest framståande gruppa av talent og kunnskap som nokon gong har vore samla i dette rommet. Det einaste måtte vera den tid Thomas Jefferson sat her og åt åleine.»

Noko etter Reagan-perioden såg det ut til at Demokratane kom til å vinna valet. Dei dreiv og siterte Thomas Jefferson både seint og tidleg. Den aldrande Reagan steppa inn for å hjelpa sine:

«Eg kjende Jefferson,» sa han.

George W. Bush og Barak Obama var kvasse politiske motstandarar. Då Nelson Mandela døydde, deltok president Obama i gravferda. Som skikken er reiste han med flyet Air Force One. Då haika Bush med han - sidan Obama skulle same vegen likevel.

Whisky til sitt bruk

I den amerikanske borgarkrigen i 1860-åra, mellom Sørstatane og Nordstatane, såg det ei stund spøkje ut for president Abraham Lincoln og Nordstatane. Den einaste som hadde merkande framgang på fronten, var general Grant.

«Han drikk for mykje whisky», murra ein mann i krinsen rundt Lincoln.

«Kva for merke likar han best?» spurde presidenten, som knapt rørte alkohol.

«Kvifor spør du om det?» undrast den andre.

«Jo, då kan eg få sendt ein kasse til dei andre generalane mine òg.»

Nokre år etter dette vart forresten Grant president sjølv. Det rette skal vera at han drakk i mestelaget i yngre år, men heldt seg edru som general.

Eit av dei store blinkskota til songaren Frank Sinatra er som kjent «My Way».

Då han runda 80, vart han sjølvsagt hylla av store entertainerar, ein av dei var den blinde Ray Charles. Han sette seg til pianoet, slo eit par akkordar og sa med eit breitt glis:

«I hope you don’t mind, Frank, I do it My Way.»

Arnfinn Haga

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.