Lokal | 11. juli 2012

Slapp redningsaksjon

Mann gjekk seg fast på Svinningen. Blei losa ned av kjentfolk.

Slapp redningsaksjon
Svinningen er det høgste fjellet i Os. På veg ned missa ein kar stien og måtte få hjelp for å finna vegen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. juli 2012 10:20

Politiet fekk tysdag melding frå ein person i Hegglandsdalen som hadde blitt kontakta av ein kjenning som var på fottur på Svinningen i Øvredalen. På veg ned att hadde mannen blitt overraska av tåke og fant ikkje vegen.

- Vi freista å få kontakt med vedkommande, men grunna dårleg mobildekning i området oppnådde vi ikkje det.

Godt med lokalkjende

Medan politiet freista å få telefonkontakt med turgåaren hadde vedkommende fått kontakt med ein av dei lokalkjende frå Øvredalen.

-Denne hadde losa han trygt ned frå fjellet og til Rolvsvågen.

- Det er godt vi har lokalkjende som kan bistå, avsluttar politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet slapp difor å settja i gang ein større redningsaksjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.