Kultur | 28. feb. 2011

Slapp å stenga åleine

Avsluttingsveka blei hans nest beste omsetningsveke nokon gong. I kveld møtte mange kundar fram for å seia takk for no til Tor Owe på Musikkverket.

Slapp å stenga åleine
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. feb. 2011 20:35

Det er noko spesielt med Musikkverket og Tor Owe Rennemo. At ein butikk legg ned har sjeldan skapt større engasjement, og den siste halvtimen etter 20 år med platesjappe i AMFI Os gjekk unna i godt selskap.

- Dette er heilt fantastisk. Etter ei så travel veke er eg heilt matt, og så kjem denne fine gjengen inn dørene rett før stenging, sa Tor Owe då stamkunde etter stamkunde kom stigande inn i butikken.

- Takk for innsatsen

Det var leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Grønvigh, som kom med ideen og initiativet.

- Kvifor ikkje gje Tor Owe ein skål, om ikkje i anna enn Clausthaler. Eg ville takka Tor Owe for 20 fine år, og det var det også mange andre som ville, seier Kjetil.

Rekordomsetnad

Éi hylle, halvfylt med cd-ar av artistar få har høyrt namnet på, er alt som står igjen etter ei veke med avsluttingssal hos Musikkverket.

- Sluttsalet har vore mykje betre enn venta, eg har nesten ingeting igjen. Vareteljinga skal takast i morgon, og den tar eg åleine på 20 minutt, seier Rennemo.

På éi veke har han selt varer til ein verdi av 303.000 kroner. Berre ei desemberveke i 2008, då han selte for nesten 400.000, har vore betre.

Den siste veka hadde han 30-, 50- og 70 prosent rabatt på varene.

- Ikkje den siste

Ein rørt Tor Owe Rennemo runda av med å takka for støtte og oppmøte, før han opna si andre Clausthaler.

- Dei er gode når dei er kalde, lo stordingen, som etter kvart har fått lang fartstid som osing.

- Eg kan fortelja at det truleg kjem ny platebutikk i Os. Men eg seier ikkje meir, røpte Rennemo, som førebels ikkje veit kva han skal byrja å jobba med no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.