Lokal | 23. nov. 2019

Slåstkamp, hærverk og utforkøyring

Ein mann hamna på legevakt etter slåsting i Hegglandsdalen, ein gut hamna i grøfta i Lysefjorden, mistenkt for promilekøyring

Slåstkamp, hærverk og utforkøyring
Politiet fekk melding om mogleg ruteknusing i sentrum, og fann ein moped utsett for hærverk. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. nov. 2019 09:34

Fredag i 23-tida fekk politiet melding om slåstkamp mellom to menn i Hegglandsdalen.

Dei to skal ha barka saman mens dei gjekk langs vegen.

– Då vi kom til staden var den eine parten vekke. Han som sto igjen, ein mann i 30-åra, var litt skadd og reiste til legevakt for sjekk, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Vedkomande ville ikkje ut med detaljar om kva som hadde skjedd, og det er foreløpig ukjent for politiet kven den andre parten er.

– Det kan bli oppretta sak seinare.

Kasta flaske og slengte drit

Klokka 01.45 i natt fekk politiet melding om ein mann som hadde problem med å oppføra seg.

– Han hadde kasta ei flaske etter nokre forbipasserande, og hadde òg vore ufin verbalt.

Vedkomande, ein mann i 30-åra, blei vurdert til fare for seg sjølv og andre, og køyrd i arresten i Bergen. Det er oppretta sak.

Fann velta moped i sentrum

I 02.30-tida på natta fekk politiet melding om bråk og noko som høyrdes ut som ruteknusing i Os sentrum.

På staden fann politiet ein velta og knust moped.

– Den låg på sida, men var ikkje varm. Det gjer at vi trur at dette ikkje var velt under køyring, men hærverk.

Politiet ber om tips i saka.

I 5-tida i dag tidleg kontrollerte patruljen ein mann i 30-åra litt nord for Os sentrum. Dei fann mindre mengder narkotika og ein kniv på mannen. Han er meldt for forholdet, men blei dimittert på staden.

Mistenkt for rus etter utforkøyring

Laurdag morgon klokka 06.30 fekk politiet melding om utforkøyring i Lysefjorden.

Bilførar, ein gut i slutten av tenåra, er mistenkt for køyring i rusa tilstand.

På dagtid fredag hadde politiet saman med UP kontroll i Industrivegen frå klokka 13 til 15.

Det blei skrive ut fore forenkla forelegg for fart, der høgaste fart var 64 km/t i 50-sona, og tre forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.