Politi | 17. mai 2021

Slåstkamp i Mobergsvikjo

To patruljar rykte ut til Oseana og Mobergsvikjo måndag kveld.

Slåstkamp i Mobergsvikjo
Politiet kom i prat med éin ungdomsgjeng, og stoppa også ein forbipasserande ungdom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. mai 2021 18:52

Måndag klokka 20.23 rykte politiet ut på melding om slåstkamp i Mobergsvikjo.

Det var roleg på staden då patruljen kom fram.

Det er uvisst om nokon er skadd. Det er verken lege eller ambulanse på staden, men klokka 20.45 kom nok ein politipatrulje.

Politiet møtte ein ungdomsgjeng. Det er uvisst om dette er involverte eller vitne.

Då ein annan gjeng gjekk forbi, blei ein av dei forsøkt stoppa, men vedkomande vandra vidare.

Han blei etterkvart innhenta av ein av politibetjentane.

Oppdatert:

– Vi har to mistenkte i saka. Ein tredje fekk pålegg om å fjerna seg frå staden, opplyser politioverbetjent Martin Nordeide tysdag morgon.

Dei involverte er gutar i alderen 15 til 17 år. Han stadfestar at ingen blei alvorleg skadd.

Politiet har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.