Lokal | 20. aug. 2010

Slått av sjåfør

Då passasjeren spytta var det ikkje lenger snakk om bussjåfør med godt humør.

Slått av sjåfør
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. aug. 2010 09:08

I 19.30-tida torsdag fekk politiet melding frå ein passasjer som fortalte at han hadde blitt slått av ein bussjåfør.

- Det skal ha oppstått ein krangel og passasjeren skal ha spytta på bussjåføren. Sjåføren skal ha slått tilbake, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Saka blir etterforska og Sperrevik ser ikkje vekk frå at det kan koma ei motanmeldelse. Episoden fann stad i bussen medan den sto parkert på Os terminal.

Fleire som spytta
Det var ikkje berre på 19.30-bussen at det var spytting torsdag. Også på ein buss på veg mellom Bergen og Os fekk ein sjåfør ei spyttklyse etter seg.

- Dette skjedde i 14.50-tida. Mannen som spytta gjekk av på Tøsdalsskiftet.

Bråk i Bjørnen
To gongar natt til fredag fekk politiet melding om ein rusa mann som lagde mykje støy i eit nabolag i Bjørnen utanfor Halhjem.

Det kom éi melding i 2-tida og ei ny to timar seinare. På andre forsøk blei mannen funnen av politiet og tatt med til overnatting i arresten. Vedkomande blir også meldt.

Forvirra kvinne
Fredag morgon fekk politiet melding om ei kvinne i ubalanse.

- Ho var om bord i ferja mellom Venjaneset og Hatvik og oppførte seg rart. Vi rykte ut og kjørte kvinna til lege, fortel Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.