Sport | 11. aug. 2013

Sleit mot Vaulen

Os tok leiinga i første omgang, men kan takka Kloven for at det blei poeng i dag.

Anders Kloven storspelte i dag, og berga eitt poeng til Os. Her reddar han frisparket som Preben Borgen fekk gult kort for. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. aug. 2013 16:30

Bildeserie:

Vaulen utlikna. (Foto: KVB)
Fint vêr og greit med publikum på tribunen søndag. (Foto: KVB)
Vestbø gav Os 1-0-leiing. (Foto: KVB)
Skotet gjekk forbi både keeper og forsvar. (Foto: KVB)
Christer Olsen forbi keeper, men skyter utanfor. (Foto: KVB)
Egil Thuen fekk nesten denne med seg. (Foto: KVB)
Frispark slått i bakrom, men rett til keeper. (Foto: KVB)
Her fekk Vaulen-spelaren gult kort. (Foto: KVB)
Frisparket til hovudet til Olsen, men headinga gjekk utanfor. (Foto: KVB)
Hælspark og skåring, men offside og annulering. (Foto: KVB)
Vaulen utlikna. (Foto: KVB)
Fint vêr og greit med publikum på tribunen søndag. (Foto: KVB)
1 av 10
Fint vêr og greit med publikum på tribunen søndag. (Foto: KVB)
Vestbø gav Os 1-0-leiing. (Foto: KVB)
Skotet gjekk forbi både keeper og forsvar. (Foto: KVB)
Christer Olsen forbi keeper, men skyter utanfor. (Foto: KVB)
Egil Thuen fekk nesten denne med seg. (Foto: KVB)
Frispark slått i bakrom, men rett til keeper. (Foto: KVB)
Her fekk Vaulen-spelaren gult kort. (Foto: KVB)
Frisparket til hovudet til Olsen, men headinga gjekk utanfor. (Foto: KVB)
Hælspark og skåring, men offside og annulering. (Foto: KVB)
Vaulen utlikna. (Foto: KVB)

Os tok søndag imot Vaulen til kamp på Kuventræ, og vertane starta best.

1-0 kom då Preben Borgen i 24. minutt spelte gjennom til Roar Vestbø, som rista av ein midtstoppar og sette ballen i lengste hjørne forbi keeper.

Også Christer Olsen og Egil Thuen var nær skåring før pause, Christer med to harde langskot, og då han kom forbi keeper, men missa med venstrefoten, Egil då han nesten fekk ballen med seg rundt målmannen til gjestane.

Men i 2. omgang var det gjestane som dominerte.

Os – Vaulen 1-1 (1-0)
Mål, Os: Roar Vestbø
Gule kort, Os: Preben Borgen (som må sona karantene i neste kamp), Egil Thuen og Torkel Hjertnes.

Os: Anders Kloven - Henrik N. Dahle, Stian Lunde, Torkel Hjertnes, Tor Erik Berge (Glenn Krossøy) - Mats Lepsøe, Preben Borgen, Roar Vestbø - Stian Bakke, Egil Thuen (Håkon Kvittingen) og Christer Olsen.

Os hadde sine sjansar etter pause òg, men Vaulen hadda mange fleire.

Ein serie med cornarar og fleire gode innlegg som gjekk gjennom heile boksen til Os, før dei, rett etter ei annulert skåring av Os-spelar Stian Bakke, i 78. minutt kom på contring og utlikna.

Etter 1-1-skåringa løfta Os seg litt, og begge lag hadde kvar sine store sjansar i dei to siste speleminutta, men Os kan takka keeper Anders Kloven for at dei sit igjen med eitt poeng i dag.

Vaulen, som rykte opp frå 4. divisjon i haust, har spelt jamt mot fleire topplag, og berre tapt 1-2 for Stord og Lysekloster. I dag viste dei stor vilje og lite lyst på retur til 4. divisjon.

– Vi høvla over Os

Vaulen-trenar Kjetil Hunhammer meiner dei burde hatt tre poeng med seg frå dagens kamp.

– Vi høvlar over Os i andre omgang i dag, men det blir dessverre som i fleire andre kampar, vi får ikkje ballen i mål.

– Vi kjørte Lysekloster kraftig heime hos oss og vi tapte berre 1-2 for Stord. Men no får vi tre viktige spelarar tilbake frå ferie og skade, så får vi satsa på fleire poeng i dei neste kampane.

Nielsen skuffa

Os-trenar Tore Nielsen synest første omgang var OK, men at det var tydeleg at Vaulen var mest svolten på poeng etter pause.

– Medan dei kjempar for å koma seg opp frå botnen på tabellen flytta vi ikkje beina fort nok i andreomgangen.

– Vi har sjansar nok til å gå opp i 2-0, i staden blir det til at vi kan takka Kloven, som er fantastisk god for tida, for at vi får poeng.

Os møter serieleiar Stord borte i neste kamp.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.