Sport | 30. okt. 2010

Slengte seg til siger

Med keeper frå Årdal blei det siger på Øyvind Bøthun og Razor Ruddocks i herreklassen i årets MidtsidenCup.

Slengte seg til siger
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. okt. 2010 22:49

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Bikkjo tok seg til finalen for andre år på rad, men i år fekk dei Øyvind Bøthun og ein lite lokal gjeng å bryna seg på.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- Eg har tatt med meg nokre kameratar eg studerer med på idrettslinja på HiB, fortel Øyvind, som med fjorårets lag Grillståvo tapte 1/8-finalen for Vågshaugen City.

Razor Ruddocks vann finalen 2-0 etter skåringar av Pål Sulen og lagleiaren sjølv. Bøthun skåra på innlegg av banens beste, kameraten Magne Viken Sunde frå Førde.

Vinnarlaget: Øyvind Bøthun (4div), Ivar Vevle, Magne Viken Sunde, Morten Strid, Lasse Heggheim (4 div), Andrè Klingenberg, Pål Sulen, Vegard Røssland, Lars Rosnes Henjum og Torbjørn Bøthun.

Kamp og knuffing
Sjølv om store delar av kampen var jamn, blei opptakten til Bikkje-slagsmål på slutten av kampen det mest dramatiske i finalen. Søre Neset-spelaren Tore Kinden tok tak i ein motspelar etter eit angrep, men det løyste seg utan naseblod.

Bikkjo kan trøsta seg med at dei slo fjorårets finalemotstandar, T Ullrich, 3-1 i mellomspelet.

Puljevinnarane
Herreklassen var delt inn i fire puljer for mellomspel etter dei innleiande rundane onsdag og torsdag. FIFA og Humlo vann sine puljer, men tapte 2-3 og 0-4 for Razor Ruddocks og Bikkjo.

FIFA vann dei to kampane i mellomspelet 4-2 og 4-1 medan Humlo slo Vågshaugen City 2-1 og spelte 2-2 mot Tongane United.

Video: Frå sluttspelet og alle finalane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.