Lokal | 06. juni 2014

Slepp bompengeforskot

– No løsner det virkeleg for E39 Os - Bergen, jublar ordførar Terje Søviknes som får gjennomslag for å kutta forskuddsinnkreving.

Slepp bompengeforskot
Terje Søviknes (Frp) kan kosta på seg eit smil fredag før pinse. Kravet om å kutta forskotsinnkreving av bompengar får gjennomslag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 06. juni 2014 11:25

Sakane om fylkeskommunal garanti og grunneigeravtalen om massedeponi i Hordnesskogen er klare for handsaming i Fylkestinget og Fylkesutvalet.

– Båe med positiv innstilling.

– No går det heile på skinner, og dialogen både med Hordaland Fylkeskommune og politisk leiing i Samferdselsdepartementet har vore framifrå sidan eg greip fatt i saka onsdag før Kristi Himmelfartsdag, fortel Søviknes.

Ikkje forskuddsinnkreving

Søviknes skreiv i februar eit notat til statssekretær Bård Hoksrud, kor han ba om fritak for dei som bur ved bomstasjonane i Nordvik og på Søfteland, samt at ikkje innkrevinga av bompenger skulle starta før vegen var ferdig.

– Eg har fått gjennomslag for kravet om å kutta forskuddsinnkreving av bompenger i byggjeperioden.

– I opplegget ligg det no 18 års etterskuddsinnkreving, men det er presisert at innkrevingsperioden kan reduserast som følgje av den nye rentekompensasjonsordningen som FrP/H-regjeringa jobbar med.

– Dette er fantastiske nyheter for bilistene og osingane i sær.

Håper framleis på oversending før ferien

Om bompengeproposisjonen blir sendt til stortinget før ferien er framleis ikkje avklara.

– Alt ligg no til rette for at regjeringa relativt raskt kan legge fram den endelege proposisjonen for stortinget.

– Personleg håpar eg det kan skje før ferien.

– Dersom det i proposisjonen legges opp til at Statens Vegvesen kan gå vidare med anbudsprosessen med atterhald om endeleg godkjenning i stortinget, så er det godt håp om byggestart kommande vinter, avslutter Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.