Kultur | 09. feb. 2013

Slepp med kjempesmell

The prettiest girl in Søfteland? Rock N LOL slepp tre nye band; Bigbang skal avslutta årets festival, i tillegg kjem både vinnarane av Urørt-finalen i 2012 og 2011 (!).

Slepp med kjempesmell
Bigbang. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. feb. 2013 08:11

• Følg Midtsiden på Facebook
• Følg Midtsiden på Twitter

Bigbang, som signerte med Warner etter by:Larm i 1999 og hadde gjennombrotet sitt med låta Girl in Oslo i 2000, skal avslutta årets Søfteland Rock N LOL.

– Vi har prata om Bigbang sidan vi starta festivalen. I starten var dei utanfor rekkevidde, men vi kan fleska til litt av og til og i år får vi endeleg Bigbang til Søfteland, til å avslutta festivalen laurdag 6. juli, seier ein nøgd festivalsjef, Andreas Lindborg.

Bigbang blei stifta i 1992 og kjem i slutten av februar med sitt 12. album.

– At dei også kjem med nytt album i år er ein bonus, dette gler vi oss veldig til, seier Andreas, og drar to andre plateaktuelle band opp av hatten.

To Urørt-vinnarar er også på veg

I tillegg til Bigbang er norsk-bulgarske Mikhael Paskalev klar for Søfteland.

Paskalev, som er frå Ålesund, vann Urørt-finalen i 2012. Han har vore mykje på radio med låta I Spy den siste tida.

– Han slapp plate i dag, ei plate som har fått mange 5-arar og mykje ros. Mikhael er spådd å bli årets stjerneskot.

Også Honningbarna er bestilt til Rock N LOL 2013.

Honningbarna vann Urørt-finalen i 2011 og fekk Spellemannsprisen i klassen rock for debutalbumet La alarmane gå.

Dei var i tillegg nominert til pris for årets nykomar.

– Honningbarna serverer eit energipakka show. Dei syng punkrock på Kristiansand-dialekt og vokalisten drar innimellom fram ein cello som han spritar opp stemninga med, seier Andreas.

Honningbarna kjem med nytt album i mars.

Real Ones er klare

Første slepp til Søfteland Rock N LOL 2013 var i november, då blei det kjent at Real Ones kjem til Søfteland i år, og at dei speler på familiefestivalen, gratiskonsert på dagtid laurdagen.

– Vi er i dialog med fleire og har mykje gøy på gang, lover Lindborg om resten av programmet til årets festival på Søfteland.

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.