Slepp ny låt - håpar på konsertar

«Hey Mami» er Tåpelig sin siste låt.

Lasse Stangvik og Martin Aadland, som utgjer duoen i Tåpelig, er klar med ny låt. (Foto: Privat)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 04. feb. 2021 21:28

Lasse Stangvik og Martin Aadland utgjer duoen i Tåpelig.

I dag sleppte gutane bak «Tysnesfist» og «Tequila» den nye låten «Hey Mami», og låg raskt an til å bli det beste sleppet til no i mengde lyttarar.

– Vi er ganske nøgd med «Hey Mami», og har hausta nokre gode tilbakemeldingar allereie. Til og med faren min sa det svinga litt i hofta når han høyrde låten, så det lover jo godt, seier Lasse.

– Det er ein veldig dansbar låt med latinske vibbar.

Her kan du høyra låten:

Timing is everything

Eit kjent uttrykk for mange er, timing is everything, det fekk Tåpelig erfara med sitt tidlegare låtslepp.

– Vi ga ut Tequila-låten i slutten av 2020 og fekk ein flott boost med avspelingar i starten. Men så var det nok litt for nær jul, og vi merkte at avspelingane forsvann ganske kraftig. Då var det tydeleg at julemusikken tok over spelelistane.

– Men det var ei god erfaring å få, seier Lasse.

Håp om å spela konsertar

Etter snart eit år med pandemipreg på kulturlivet, håper Tåpelig at vaksineringa går unna så det blir sjanse å stå på nokre scenar til sommaren.

– Vi har meldt vår interesse til å spela hos ulike arrangørar, og det er god stemning. Men det er ingen som kan lova noko som helst grunna korona.

– Foreløpig er det berre til å leva i håpet.

Det kokte godt blant dei som møtte opp på Fadderfestivalen i Stavanger. (Foto: Privat)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.