Kultur | 12. feb. 2011

Slepp tre nye

Ida Maria er blant artistane som kjem til Søfteland til sommaren.

Slepp tre nye
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. feb. 2011 01:35

I førre veke blei dei første banda til årets Søfteland Rock N LoL lansert, Death by Unga Bunga og Kråkesølv møter på Sanden 15. og 16. juli, det gjer også ORBO & The Longshots og Neoplasma.

No byrjar programmet for alvor å ta form, brørne Andreas og William Lindborg røper at også desse er klare for festival på Søfteland til sommaren:

• Ida Maria
• Wolves Like Us
• Norma Sass

Ida Maria (Ida Maria Børsli Sivertsen) vann Urørtfinalen med låta «Oh My God» i 2007, ho fekk også Alarmprisen det same året. I 2008 blei ho tildelt StatoilHydro-stipendet på 800.000 kroner og fekk Spellemannsprisen for beste nykomar for debutalbumet «Fortress Round My Heart», som selte til gull.

Ida Maria har spelt på Quartfestivaken, Øyafestivaken, Roskilde - og i sesongfinalen til sesong 4 av den populære amerikanske tv-serien Grey's Anatomy. I 2009 spelte ho på det amerikanske talkshowet The Tonight Show med Jay Leno, eit tv-program som har over 5 millioner sjåarar.

I år er ho nominert til Spellemannspris for beste kvinnelege artist med albumet Katla, der ho har samarbeida med Desmond Child, som er kjent for å stå bak låtar som «Living on a Prayer» (Bon Jovi), «I Was Made for Loving You» (Kiss) og «Dude Looks Like a Lady» (Aerosmith).

Wolves Like Us blei starta i 2010. Bandet hadde første øving i mars og spelte inn første låt allereie seks veker seinare.

Låta «Deathless» blei kåra til Ukas Urørt 14. juni.

Bandet består av Lars Kristensen, Espen Helvig, Torgeir Kjeldaas og Jonas Thire.

Jentene i Norma Sass kom i januar med debutalbumet sitt, «Hunting For Treasures», og speler blant anna på By:larm 2011. «Hunting For Treasures» kravde tre år med speling, øving og jobbing, og mange av dei 11 låtene på albumet blir å høyra på Søfteland denne sommaren.

Bandet består av: Thea Glenton Raknes (vokal, mini-synth), Susanne Benjaminsen (gitar), Ida Rødahl Lie (bass), Elin Rødahl Lie (synth) og Ingrid Aarvik Berge (trommer).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.