Lokal | 01. juni 2012

Slik bergar vi Fjellheim

Lesarinnlegg, Anders Hauge: Det finnest løysingar, også utan politikarane si hjelp.

Slik bergar vi Fjellheim
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. juni 2012 09:09

Det er massiv oppslutning om Fjellheim-aksjonen, noko ikkje minst alle innlegga i avisa ber bod om. Det same gjer tusenvis av underskrifter på oppropet om å bevara Fjellheim.

Vi ville gjerne at Os kommune dreiv huset vidare, men dersom det er slik som politikarane hevdar, at ein ikkje har råd til å halda oss med to kultur- hus, finst det andre løysingar.

1. Framtidige brukarar av Fjellheim opprettar stiftinga ”Fjellheim”.

2. Stiftinga overtar Fjellheim for ein symbolsk sum (kr 1).

3. Stiftinga rustar opp Fjellheim slik at huset igjen blir godkjent til dagleg bruk.

4. Stiftinga ”Fjellheim” står for dagleg drift, utleige osv av huset.

På denne måten ”løftar” vi problemet frå dei gjeldstyngde skuldrene til kommunepolitikarane, samstundes som osingane får tilbake huset i deira hjarte, og unge og gamle atter kan fylla Fjellheim med aktivitet og glede.

Sjølvsagt vil dette kosta pengar – det er ingen ting i livet som er gratis – men vi arbeider med ein økonomiplan.

for
Bevar Fjellheim-aksjonen
Anders Hauge

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.