- 12. mars 2021

– Slik berre barn og unge kan!

Bjørnafjorden kulturskule og Bergen kulturskole inviterer til utstilling.

Frå utstillinga «Nøkkelen til min verden». (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 12. mars 2021 09:07

Bildeserie:

Frå utstillinga «Nøkkelen til min verden». (Foto: KOG)

1 av 5

«Nøkkelen vris om, dørene vert opna og du kan tre inn i ei verd av fargar, former, strek, leik og fantasi.»

Slik blir den nye utstillinga, «Nøkkelen til min verden» i Griegsamlinga i Oseana Kunst & Kultursenter presentert.

– I ei vanskeleg tid der kulturopplevingar nesten har blitt borte grunna Koronapandemien, er det ekstra stas at Bjørnafjorden kulturskule og Bergen kulturskole inviterer til utstilling.

– Nærare 280 elevar frå visuelle kunstfag skal vise sine arbeider i det praktfulle utstillingslokale Griegsamlingen i Oseana Kunst & Kultursenter.
Publikum kan oppleva eit mangfald av kunstneriske uttrykk innan skulptur, grafikk, teikning, maling, dokumentarfilm,installajon, animasjon og keramikk.

– Ei utstilling presentert med humor og alvor, snert og dybde, ferdighet og talent slik berre barn og unge kan!

Utstillinga er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kulturskule og Bergen kulturskole. (Foto: KOG)

Utvidar Tørresen

Kurator ved Oseana, Evelyn Holm, fortel at i tillegg til utstillinga som opnar på laurdag, er Harald Tørresen si utstilling «Arv og miljø» utvida til å stå fram til 4. april. Denne utstillinga finn du i Hvelvet i Oseana.

Vil du ha med deg endå meir kunst denne helga opnar Reinard Haverkamp si utstilling «CON MOTO» på Vedholmen Galleri laurdag.

«Nøkkelen til min verden» kan du sjå i Oseana fram til 4. april.

Kurator ved Oseana, Evelyn Holm, viser fram ei fargesprakande utstilling. (Foto: KOG)

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.