Sjølv om ruta er lagt litt om så skal 17.maitoget også i år gå gjennom sentrum (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Slik blir 17. mai-feiringa

Sjå programmet for Os sentrum og krinsane. 

Av: Andris Hamre

17. mai nærmar seg med stormskritt. Nytt i år er ei litt ny rute for sjølve 17. maitoget, billettsal til 17.mai-jazz med Osøren Jazzensemble på Oseana og framleis ei viss spenning på om sjølve feiringa vil gå føre seg på Kyrkjeflaten eller om den blir flytta til grusplassen mellom Os ungdomsskule og kyrkja.

– Det meste av planlegginga er klart til den store folkefesten. Vi kan garantere nok ei tradisjonsrik 17.maifest for store og små, seier Kjetil Osablod Grønvigh i 17.maikomiteen.

Sel billettar til 17.mai-jazz

Ole Tobias Lindeberg, direktør for Oseana Kunst- og kultursenter gler seg til også i år kunne invitera til jazz-konsert med Osøren Jazzensemble.

– Tradisjonen tru blir det konsert med Osøren jazzensemble klokka 17 i foajeen. Nytt av året er at vi sel billetter til arrangementet. Tidlegare har dette blitt arrangert i samarbeid med Os kommune som har bidratt med musikken. 

– I år arrangerer Oseana det på eigenhand og vi har difor satt ein liten inngangspris på 100 kroner, seier Lindeberg som oppmoder publikum å kjøpe billett på førehand via ticketmaster.

Hovudprogram for Os sentrum 17.mai 2018

Os sentrum

07.00: Os Musikkforening speler frå Finnebrekka
10.00: Gudsteneste i Os Kyrkje v/ sokneprest Margrethe Holmboe Askeland. Os Mannskor deltek
10.00 - 12.00: Arrangement i Tropehagen på Luranetunet. Hjarteleg velkomen til bebuarar, pårørande og vener av Luranetunet.Tale ved Anders Hauge. Os Spelemannslag deltek. Servering av pølser, sal av is.
11.00: Minneparken. Tale ved «komponist og samfunnsengasjert» Glenn Erik Haugland.
Song av Os Mannskor
11.30: Oppstilling på skuleplassen til Os ungdomsskule
12.00: Korpsa speler «Ja vi elsker». Toget legg i marsj på andre verset. Toget går opp Landboden og over gamlebrua til Finnebrekka. Ut Finnebrekka, vidare ned Hatvikvegen over Osbrua. Til høgre inn Brugata, gjennom sentrum, til høgre ved Legangerbygget/ Nordisk Rom og inn på Kyrkjeflaten
13.00: Arrangement på Kyrkjeflaten. Musikk ved Os skulekorps og Os Musikkforening.

Program på Kyrkjeflaten
– Opningssong: «Ja vi elsker». Alle syng med. 2 vers
– Ord for dagen ved elevar frå 7.trinn Os barneskule
– Song ved 1. og 2. klassetrinn Os barneskule
– Tale for dagen ved Anne Marie Aarøen Vangsnes
– Kulturelt innslag
– Tale ved russepresident ved Os Gymnas: Jenny Lundervik Sælen, og russepresident ved Os Vidaregåande skule: Sukanya Sarasiri
– «Fagert er landet». Alle syng med. 2 vers
14.00: Slutt

17. mai program for alle krinsane

Os skule

14.00-16.00: Aktivitetar og leik for born på skuleplassen. Kafédrift i gymsalen med sal av betasuppe, hot dogs, is, brus, kaffi og kaker. Sal av lynlodd.

Hegglandsdalen

13.30: Oppmøte på skuleplassen
14.00: Prosesjon går frå skuleplassen mot Dølatun
14.40: Alle syng nasjonalsongen på skuleplassen
14.45: Tale for dagen ved elevar frå 7.trinn
15.00: Sal av betasuppe, hot-dog, kake, kaffi, brus, is, sukkerspinn og popcorn
16.00: Fotballkamp 7.trinn - foreldre
17.00: Slutt

Søre Neset (Lunde)

14.00: Salutt. Toget startar frå Halhjem kai og går til Lunde barneskule. Søre Neset musikklag spelar.
14.45: Opning. To vers av nasjonalsongen. Kor ved elevar frå 6.trinn.
15.00: Tale for dagen ved elevar frå 7.trinn. Song til Os ved elevar frå 6.trinn. Song ved elevar frå 4.trinn ved Halhjem barneskule. Søre Neset musikklag spelar.
15.20: Aktivitetane startar
17.00: Slutt

Strøno

10.45: Frammøte i 17 Mai krysset
11.00: Prosesjonen går til skulen
- Musikk ved Nore Neset Skulekorps
- Tale for dagen ved 7. klasse på Strøno Barneskule
- Salg av brus, is, pølser, kaffe og rømmegraut m.m.
12.00: Natursti og aktiviteter
13.30: Premieutdeling og trekking av loddbøker17.00 - 19.00: Aktiviteter i Ungdomshuset Alvheim
- Luftgeværskyting, pilkast m.m.
- Kafeteria

Nore Neset

14.00: Salutt. Prosesjonen går frå skuleplassen, over Skorvane og hovudvegen tilbake til skulen.
14.30: Skulekorpset speler. Tale for dagen! .
15.00: Leiker for barn og vaksne. Sal av is, brus, pølser, rømmegraut, kaker og kaffi
16.00: Avslutt leiker
16.30: Premieutdeling
17.00: Slutt 

Søre Øyane

10.15: Toget stiller opp ved snuplassen på Bruarøy (Gamleskulen)
10.28: Salutt
10.30: Søre Neset Musikklag spelar opp og vi syng "Ja, vi elsker".  Toget startar og går til Utgjerdet og tilbake til Søre Øyane Barneskule.
11.30: Toget kjem inn til barneskulen. Vi samlast på plassen og syng "Gud Signe vårt dyre Fedreland"
- Tale for dagen ved Elevrådet på Søre Øyane Barneskule. Alle synger "Song til Øyane"
12.00: Leikar og konkurransar for små og store. Sal av betasuppe, rømmegraut, pølser, kaffi, kaker, is og brus.
14.15: Premieutdeling og vandrepokal til "Årets beste 17.mai tog - klasse".

Lysekloster

13.00: Opning i Lysekloster ruinar. Hovudtalar for dagen er Thorstein Skårnes. Underhaldning og sang.
14.00: Folketoget går frå Lysekloster ruinar til Lysekloster skule.
15.00: Arrangement på Lysekloster skule. Leikar for born og vaksne. Det blir lykkehjul med flotte gevinstar og sal av sukkerspinn og gassballongar.
Gratis buss til Klosterruinane:
Frå Drange: 12.00
Frå Åsen: 12.30
Frå skulen: 12.15 og 12.45

Søfteland

08.00: Musikken speler ved Urheim
09.45: Toget stiller opp ved Joler mat
10.00: Toget går om Furuflaten til skulen
11.00: Søfteland Musikklag speler til allsong. Tale for dagen ved Rune Eskeland. Borna underheld med song. Tale av elevar i 7.klasse
11.45: Kappspringing med premieutdeling for barn under skulealder og 1. til 7.klasse. Aktivitetar for store og små. Turnoppvisning.
14.30: Premieutdeling og avslutning. 

Kuventræ

14.30: Frammøte og åpningsord på skuleplassen. Velkommen ved FAU-leier. Nasjonalsongen. Ord for dagen av 7. klasse.
14.45: Aktivitetsløypa opnar. Leikar for barn og vaksne. Kafé med sal av Cold-cat, Hot-dog, kaffi, kaker, brus, sukkerspinn og is.
16.15: Premieutdeling og trekking av loddbøker.
16.30: Slutt